Lesbar vising av meldingshovud (frå e-post)

Har du nokon gongar prøvd å lesa e-postmeldinga sine meldingshovud? Der fins detaljar om avsender, klokkeslett, referansar og mykje anna. Problemet er at formatet på original-teksten til e-postmeldinga (“meldingshode”) er lite venleg.

Google sin “Toolbox” for Google Apps har eit ganske kjekt verktøy for å tolka meldingshovud.

Kopier meldingshovud eller meldingsoriginalen og lim teksten inn i verktøyet til Google for den her type resultat:

Google visar detaljar om avsendar og mottakar, bruk av spam-vern (SPF, etc.) og tidspunkt.
Du får sjå løypa som er fulgt, og kor lang tid kvart steg på vegen har teke.

Mykje meir oversiktleg enn tradisjonell vising av meldingshovud:

Word kan lesa (engelsk) tekst for deg

Microsoft Word har ein skjult funksjon for høgtlesing av tekst.
Funksjonen ligg der, men knappen er skjult.
Sånn aktiverer du knappen “Les opp”
Les meir…

7-Zip for Windows må oppgraderas til v16 (eller nyare)

7-Zip versjon 16.00 for Windows

Vi som brukar 7-Zip som pakkeprogram, må oppgradera til versjon 16.00.

Det er funne feil i programvaren som du kan lesa meir om, her.

  • 7-Zip lar oss pakka ut mange typar komprimerte filformat, som f.eks. ZIP, RAR og TAR.
  • Vidare lar programmet oss laga krypterte .ZIP-filer med passord.
  • Vi kan splitta opp den komprimerte fila, om den blir stor. Då kan kvar del få plass på CD, sendas per e-post, etc.
  • Til slutt må eg få med at 7-Zip fins i nynorsk språkdrakt :-)

Bruk PPTP på Asus-ruter

Klikk for stort

Med ein Asus-ruter, kan du aktivera ei teneste som heiter PPTP. Når PPTP er aktivert, kan du kopla deg til heimenettverket ditt, sjølv om du er ute på farten.
Eg tenkte å visa eit eksempel på oppsett av PPTP og tilkpling med iPhone.
Oppsett for iPad og andre dingsar lignar veldig.

Framgangsmåten

  • Logg deg inn på Asus-rutern din
    (kanskje det er http://192.168.1.1)
  • Klikk til VPN, VPN-server og PPTP
  • Aktiver
  • Skriv inn ønska brukarnamn
  • Skriv inn passordet som du vil bruka (Hugs at passordet må vera langt og veldig godt/sterkt. Elles kan ukjente kopla seg til ditt private heime-nettverk)
  • Klikk Bruk

Så enkelt var det.
No er det iPhone-en:

  • Innstillinger -> Generelt -> VPN
  • Legg til…
  • Type: PPTP
  • Beskrivelse: Det du sjølv vil. F.eks.: Heima
  • Tjener: IP-adressa til WAN på Asus-ruteren
  • Konto: Brukarnamnet du valde
  • Passord: Passordet du valde

Det var det heile.
Når du no aktiverer VPN på iPhonen, og tilkoplinga er suksessfull, kjem det opp eit lite VPN-symbol i toppen ved klokka. No er du tilkopla heime-nettverket, og kan bruka Intenrett “som om du var heime”.

Falsk e-post frå Apple vil nok lura mange

Folk må vera på vakt, og ikkje la seg lura av falske e-postmeldingar som blir spreidd for tida:

Ein kan bli veldig frista til å klikka på linken, men den peikar ikkje dit den visar.
Når eg ser på eigenskapane til linken, ser eg at den ikkje peiker på apple.com, men til:

  • http://appleseedinc.com/applestor/ (ikkje gå inn på denne sida!!)

Avesndaren er heller ikkje Apple Store.
Meldinga er sendt frå denne avsendaren:

  • 5067-ylsvzvjvxp@mobilemarketer.com (denne kan godt vera falsk)

Så sjølv om du får ein tilsynelatande seriøs melding i innboksen din, skal du ALDRI opna vedlegg eller følga lenker.

Om du ønskjer å sjå transaksjonane på Apple Store, skal du sjølv klikka deg fram til Apple og logga deg inn. Du skal ALDRI følga ein link som ser ut som om den peikar til Apple.

Forbetringsforslag til Google sine skjemafelt for rekneark

Google har ein slags officepakke på web som tidlegare heita Google Docs. No heiter denne tenesta Google Disk (som heiter Google Drive på engelsk). I tillegg til å oppretta (og redigera) dokument, presentasjonar og rekneark, kan du oppretta skjema. Desse skjemaene ber brukaren fylla inn informasjon i ei rekke felt og resultatet blir lagra i eit rekneark. Veldig praktisk!

Les meir…

Mobil-bruk på verdenskartet

Klikk her for å sjå kartet direkte

Informasjon om sidevisingar på ulike web-sider kan brukast til mykje løye. Her er ei oversikt over kvar i verda dei ulike mobile operativsystema er mest brukt:

Oversikta visar verdas mobile brukfor mars og litt av april (i år).

Android ser ut til å vera størst, mens iOS ser ut til å dominera i typisk rike land.
Nokia sin Series 40 (det gamle OSet med innebygd Snake-spel, hugsar du!?) er framleis det mest brukte OSet i Finnland ;-)

Artig-artig :-)

Norsk ferieliste i Google-rekneark

Norsk ferieliste 2013

Eg har laga ei norsk ferieliste for Google-rekneark. Den lar oss dela ferielista digitalt, på web (og på mobil: Sjekk ut Google Disk-appen). Del den med utvalgte medarbeidarar (som må ha Gmail- eller Google-konto) og la fleire oppdatera ferielista på same tid.

Då blir det ei ferieliste som ligg ein stad (på Google Disk) og som berre fins i ein versjon. Ryddig!

Kva gmail-konto skal eg gå for?

Eg trur på google, og kjem til å bruke google+ litt meir i framtida. Men eg har eit dilemma. Eg har nemleg to gmail-kontoar, og no lurer eg på kva for ein eg skal bruke.

  1. Nick-kontoen som vart oppretta i 2004 og som har vore den kontoen eg har brukt når eg har surfa, likt artiklar på google+. Med andre ord; den kontoen google veit mest om meg. Men det er eit tåpeleg nick på epostadressa, sjølv om navnet mitt jo kjem fram.
  2. Navne-kontoen som har vore lite i bruk, men som inneheld navnet mitt. Og dersom ein tenker seg sjølv som ein merkevare, så er det kanskje den ein skal bruke for å opparbeide ein akseptabel google-verdi. Den gjer det og mogleg å rydde opp i google+-kontaktene, som berre har blitt rot på nick-kontoen.

Kva tenker de? Burde eg bruke navnet mitt på google i større eller mindre grad i framtida?

Få Instagram til å slutta å posta dine "Liker" til Facebook

Om du har Instagram og syns det er litt ugreit at venene dine ser det på Facebook, kvar gong du “Liker” nokon sine bilete i Instagram-appen på mobilen din, så må du gjer dette på Apple iPhone, etc.:

Oppdatering: Instagram har komt i norsk språkdrakt, og grafikken er difor utdatert (den er jo på engelsk)

  • Start Instagram på mobilen
  • Trykk på Profil-knappen (nedst til høgre)
  • Trykk på Alternativer-knappen (som ser ut som eit tannhjul, og er plassert øvst til høgre)
  • Under Innstillinger trykker du Delingsinnstillinger og vidare til Facebook
  • Skru av “Del likerklikk på tidslinjen”

Stor takk til Maria for dette tipset :-)

teknisk

Følgt av 83 medlemmar.

Dette er ein teknisk blogg. Meir om sona

Origo teknisk er ei sone på Origo. Les meir


Flattr this

Eldre utgåver av Teknisk-bloggen:


Tekniske soner på Origo

Andre tekniske sider

Annonse