Viser arkivet for stikkord microsoft

Velg deg ein nettlesar (Windows)

Internet Explorer 8

No kjem oppdateringa som lar deg velga nettlesar (weblesar) til Windows.
Først får vi beskjeden: “Bekreft at du er koblet til Internett før du fortsetter.”
Då startar eg opp Google Chrome då, for å sjå om eg er på nett.
Så kjem lista (hos meg kom den rett nok på engelsk), der dei fem første er godt kjend. Eg brukar dei alle saman så og sei kvar dag. Fem gode nettlesarar med ulike kvalitetar, her sortert etter kor god nytte eg har av dei:

  1. Google Chrome
  2. Opera
  3. Internet Explorer
  4. Mozilla Firefox
  5. Safari

Les meir…

Test Silverlight-yteevna

Bit Rate Graph

Alle OL-sendingar på Internett skjer via Microsoft si løysing Silverlight. Her er ei teneste som lar deg testa Silverlight med HD-kvalitet og du kan justera ned bandbreidda (oppe til høgre der), for å sjå korleis resultatet blir ved lavare fart frå Internett.

Kjekt å bruka for å testa Silverlighte-yteevna til ulike maskiner, nettlesarar og med ulik Internett-fart.

Gjer Internett Explorer trygg

Egenskaper for Internett

Sjølv om vi no har slutta å bruka nettlesaren Microsoft Internet Explorer, er den like fult installert på Windows-PCane våre. Den utgjør ein risiko, for tryggleiken er og blir for liten. Den siste tida har fleire Windows-PCar blitt angripen og teke kontroll over. Angrepa som lukkast, kjem ofte frå datamaskiner i same lokalnett som PCen din står i. Her er framgangsmåten for å bolta ned nettlesaren, og gjer den trygg:

Les meir…

Skaff deg "invite only"-tilgang til Office Live

Microsoft Excel i Live-versjon

Microsoft kjem med ein web-versjon av Office-pakken. Førebels er beta-testinga opna for inviterte brukarar. Verken du eller eg har fått invitasjon? Live-utgåva av Microsoft sin Office-pakke er så bra at eg trur jaggu meg du vil ha tilgang til den med ein gong. Her er ein måte der du kan “snika” til deg betateste-status:

  • Logg deg inn på http://skydrive.live.com/
  • Last opp eit Word-dokument til ei av mappene dine
  • Klikk Join our preview program

Ganske enkelt!

Kjelde: Lifehacker.com

Microsoft SharedView 1.0 deler skjermen din med andre

Microsoft SharedView

Microsoft SharedView lar deg dela skjermen din med andre via Internett. Programmet er gratis og fungerer fint gjennom brannmur eller ruter. Inntill 15 deltakarar kan sjå det du deler på same tid.

Krav for å kunne dela vekk skjermen sin:

  • Windows XP eller nyare
  • Live ID (F.eks. ein hotmail-, live- eller msn-konto)
  • Breiband

Når programmet er installert og starta opp, ser du ei ny verktøylinje i toppen av skjermen. Frå den loggar du deg inn med hotmail-adressa di (eller Live ID-kontoen din) og startar ein såkalla session. Di får då ei nettadresse med passord som du kan senda til den eller du skal dela skjerm med.

Dei som skal sjå skjermen din blir bedt om å installera det 3,2 MB store programmet på sin Windows-maskin, men dei slepp å ha Live ID-konto. Du må godkjenna kvar klient før dei får bli ein del av gjeldane session. Vidare deler du eit enkelt programvindauga eller heile skjermen når og om du vil. Du kan også stoppa delinga når du vil, samt at du kan kasta ut deltakarane. Lukkar du sesjonen kan ingen kopla seg til maskina di lenger.

Dei ulike deltakarane kan be om å ta styringa og du kan godta eller avslå. Vidare kan du sei kven som til ein kvar tid skal ha styringa frå ein ned-trekksmeny. Både du og dei kan ytra seg skriftleg i ein chat-boks som alle deltakarane ser, samt at både du og dei kan dela enkeltfiler som alle deltakarane kan lasta ned.

Veldig trygt og sikkert, og veldig enkelt og brukarvenleg. Perfekt til nettmøter, fjernstøtte eller demonstrasjonar. Last ned programmet her:

Det einaste eg har funne å utsetja på programmet, er at det du deler vekk (f.eks. eit nettlesarvindauga) må vera oppe på din skjerm for at andre skal kunne skje. Om du får opp ein dialogboks som går over vindauga du deler vekk, vil dei andre sjå eit svart eller grått felt der dialogboksen står. Om du minimerer det delte vindauga, blir det blankt hos dei andre. Men det er såfall sånn det fungerer, og då veit vi det og brukar det sånn..

Defragmenter harddisken

IObit Smart Defrag

Diskdefragmentering går ut på å systematisera og optimalisera alle data, så dei ligg ryddig på rekke utover harddisken. Windows kjem med innebygd defragmenteringsprogram, men det er ganske dårleg. Folk flest bør kanskje skifta til Smart Defrag frå IObit, som er gratis og veldig enkelt i bruk. Smart Defrag har hausta mange lovord, og det kan utkonkurrera fleire av dei profisjonelle og kostbare defragmenteringsprogramma som fins.

Meir avanserte brukarar vil nok ha meir glede av Microsoft sitt kommandobaserte program Contig. Det fins også eit grafisk grensesnitt til Contig under namnet Power Defragmenter 3.0. Ved hjelp av Power Defragmenter blir Contig passe brukarvenleg.

Enno fleir defragmenteringsprogram kan du finna i bloggen Techtites i innlegget Ten Tools to Defragment your Hard Disk

Men for å avslutta der eg starta:

Gjer vedlikehald på datamaskina di i dag!

Unngå Conficker-viruset!

I dag er den rette dagen for utføra kritisk vedlikehald av alle Windows-maskine du har tilgang til.
Desse tinga må du nesten rekka å gjer i dag, og du må gjer det på alle Windows-maskiner som er tilkopla Internett:

  1. Sjekk at brannmuren faktisk er på – Start → Kontrollpanel → Windows-brannmur
  2. Kople ut AutoRun – sjå eige blogginnlegg
  3. Firefox 3.0.8 – firefox.no
  4. Oppdater antivirusprogrammet ditt – AVG Free 8.5, avast og AntiVir er gratis
  5. Windows Update – windowsupdate.microsoft.com

Om du har Microsoft Office, Adobe Reader, Adobe Flash Player og/eller Sun Java, bør du oppdatera desse også:

Det er berre siste versjon som er rekna som ”sikker”.
Eldre versjonar av desse tinga inneheld typisk feil som
gjer det mogeleg for datavirus å øydeleggja PCen din!

Outlook og mobilt Internett

Microsoft Outlook 2007

Med bærbar datamaskin er det praktisk å kunna bruka mobiltelefonen til å kopla seg til Internett. Sjølv har eg eit abonnement som kostar pengar per MB overført informasjon. Jo meir data ein overfører, jo dyrare blir det.

Med 3G og Turbo 3G kan ein fort lasta ned ganske mange MB utan heilt å merka det. Då gjeld det å begrensa seg ;-)

Sjølv får eg ofte store epostmeldingar med digre vedlegg. Desse kan eg som oftast venta med å lasta ned, til eg har tilgang til eit breiband utan MB-pris. Her er eit kjekt Microsoft Outlook-tips:

  • Start Microsoft Outlook (i eksempelet nytta eg versjon 2007, men dette fungerer også i eldre utgåver)
  • Klikk til Verktøy → Alternativer
  • Klikk til fana Oppsett av e-post
  • Klikk på knappen Send og motta…
  • Klikk på knappen Rediger
  • Set hake for Last ned bare meldingshoder for elementer større enn

Klikk her for å sjå stor utgåve av illustrasjonsonen oppe til høgre.

Du ser at du også kan justera storleiken til meldingar som då skal liggja att på serveren.
Store meldingar vert synleg i innboksen din og du kan sjå både avsendar og emne.
For å lasta ned heile meldinga, klikkar du på ho med høgre musetast og vel Merk av for å lasta ned melding(er)
Fullfør med eit klikk på Send- og motta-knappen (eller F9-tasten på tastaturet)

Merk av for å laste ned