Konverter FLV og M4V til bruk i WindowsMangen av videokjeldene ein får tilgang til i dag, kjem frå mobiltelefonar, Youtube, etc. Med ein Windows-PC kan du få problem med å bruka desse film-formata i Powerpoint, Windows Movie Maker, etc. Løysinga er å konvertera filmane til eit format Windows kan bruka. WinFF er eit grafisk grensesnitt, med norsk språk, for ein kommandobasert video-konverter som heiter FFmpeg. Ingen virus, spyware eller reklame. Dra ein eller fleire filer over på programmet, velg kva du vil bruka det til (f.eks. Microsoft og Powerpoint) og tryk Konverter. Konverter filene dine på web![]() Har du ei fil i feil format?
Ei anna teneste som eg no har starta å testa heiter Media Convert. Der får du konvertert opptil 150 MB store filer, heilt gratis. Enkelte film-format kan vera vanskeleg for Media Convert å finna ut kva kodek som trengs ved konvertering. Då er det greit å kunne sjekka dette på førehand, og fortelja Media Convert nøyaktiv kva kodek som trengs. GSpot er eit Windows-program (ingen installasjon, berre dobbelklikk på .exe-fila) som kan sjå kva kodek som er brukt i film-filer. Start programmet og dra film-fila innpå GSpot. Annonse | |||||||||||