Google ser om sida er "trygg"Det viktigaste vernet du kan gje datamaskina mot virus og hacker-angrep, er ein aktivert brannmur. Det nest-viktigaste er å installera alle oppdateringar frå programvaren du har (Windows Update, etc.). På tredje plass i rekka kjem antivirus. Om eit av programma i PCen din manglar den siste oppdateringa si, er alt som skal til for å bli “ramma” av eit angrep, at du surfar ut på ei heimeside som sprer virus og liknande. Brightkite tar Facebook litt lengerJau.. det blei kanskje litt dystre innlegg i den her teknisk-bloggen, så no må eg prøva med noko kjekt: Ei snedig side som på mange måtar tar Facebook litt lenger.
Du kan la Privacy stå til PRIVATE, og så søker du opp plassen der du er. Skriv inn adressa, namnet på caféen, etc. Når du har funne rett plass, klikker du Check in Det er starten, og du er i gang! :-) Enkelt og greitt.. Vener du veit kven er, markerer du som “Trusted”.
Annonse | |||||||||||