Viser arkivet for stikkord gmail

Google passar godt på Gmail-kontoen min :-D

I går testa eg ut ein ny chat-teneste (direktemelding eller "IM") som DinSide.no hadde ein artikkel om. Tenesta heiter imo.im og lar deg flytta chaten frå Google Talk, MSN/Live Messenger, Facebook, Yahoo!, Skype, etc. over på web (the cloud). Ganske praktisk når ein er på farten eller ofte byttar datamaskin.

Eg logga inn i Google Chat (som er knytta til gmail-adressa mi) og testa ut Les meir…

Endeleg fungerer videonettprat i Gmail

Google Videonettprat

På tysdag lanserte Google ei videonettprat-teneste i Gmail. Tenesta har ikkje fungert for meg før no, og eg likar det eg ser. Du lastar først ned eit programtillegg frå denne sida:

Når nettlesaren er starta på ny, loggar du inn i Gmail og startar ein nettprat med nokon. Klikk “Video og mer” og start videonettprat. Du kan også lesa meir om tenesta i Google sin Blog