Viser arkivet for stikkord conficker

Kjapp Conficker-test

ConfickerEyeChart

Har du Conficker-virus på PCen?
Her er ein kjapp og enkel test:

Ser du dei tre logoane øverst?
Då er du nok fri for Conficker!
Ein av tinga Conficker gjer, er å blokkera kjende virusmakarar sine heimesider. Dei tre øverste bileta ligg på heimesida til tre store leverandørar av botemiddel mot Conficker. Så om Conficker har blokkert tilgangen til desse, så vil dei vera usynlege.

Les heile sida for meir info.

Gjer vedlikehald på datamaskina di i dag!

Unngå Conficker-viruset!

I dag er den rette dagen for utføra kritisk vedlikehald av alle Windows-maskine du har tilgang til.
Desse tinga må du nesten rekka å gjer i dag, og du må gjer det på alle Windows-maskiner som er tilkopla Internett:

  1. Sjekk at brannmuren faktisk er på – Start → Kontrollpanel → Windows-brannmur
  2. Kople ut AutoRun – sjå eige blogginnlegg
  3. Firefox 3.0.8 – firefox.no
  4. Oppdater antivirusprogrammet ditt – AVG Free 8.5, avast og AntiVir er gratis
  5. Windows Update – windowsupdate.microsoft.com

Om du har Microsoft Office, Adobe Reader, Adobe Flash Player og/eller Sun Java, bør du oppdatera desse også:

Det er berre siste versjon som er rekna som ”sikker”.
Eldre versjonar av desse tinga inneheld typisk feil som
gjer det mogeleg for datavirus å øydeleggja PCen din!

Kople vekk autorun og vern deg mot Conficker

Conficker er eit av fleire namn på viruset som har nådd millionar av Windows-PCar i det siste. Det er venta at viruset vil spreie seg den 1. april. Du kan gjer tre grep for å hindra at PCen din blir smitta med Conficker:

  1. Aktiver Windows-brannmuren i kontrollpanel
  2. Køyr Windows Update og sjå til at alle kritiske oppdateringar blir installert
  3. Kople ut funksjonen som køyrer automatisk når minnepinnar, CDar, ec. blir kopla til datamaskina di

Dette siste kan du enklast gjer ved hjelp av to .reg-filer:

Den første fila fortel Windows at autorun skal koplast ut.
Den andre fila hindrar Windows i å gjer nytte av eventuelle autorun.inf-filer, som er den fila på ei minnepinne eller CD som fortel at autorun skal skje.
Legg du begge til i registeret i Windows (last ned og køyr), er du dobbelt-sikker. Då vil den andre beskytta deg, sjølv om nokon eller noko skulle nullstilla beskyttinga i den første løysinga.

Og om du ikkje stolar på desse .reg-filene, kan du laga dei sjølv. Berre lim dette inn i ei tekst-fil med eit filnamn som sluttar på .reg:

Windows Registry Editor Version 5.00

[HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\policies\Explorer]
"NoDriveTypeAutoRun"=dword:000000ff

[HKEY_CURRENT_USER\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\policies\Explorer]

"NoDriveTypeAutoRun"=dword:000000ff

[HKEY_USERS\.DEFAULT\Software\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Policies\Explorer]

"NoDriveTypeAutoRun"=dword:000000ff 

..samt dette i ei anna tekstfil med filnamn som sluttar på .reg:

REGEDIT4

[HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows NT\CurrentVersion\IniFileMapping\Autorun.inf]

@="@SYS:DoesNotExist"

Heilt til slutt kan eg røpa at det fins ein måte å bli kvitt datavirus på, etter at dei har infisert datamaskina di:

  • Bruk antivirus!

..berre hugs at eit antivirusprogram ikkje er nokon ekspert på å hindra viruset i å koma inn på maskina di. Det er det brannmuren og oppdateringane via Windows Update som gjer!