Apple: Ungå at Macen går i dvaleAlle moderne datamaskiner sparar straum ved å gå i dvale etter ei viss tid. Om du opplev at Macen går i dvale eller at skjermspararen koplar inn mens du ser på noko, så kan Caffeine frå Lighthead Software vera nyttig. Programmet plasserer symbolet av ein kaffikopp i menylinja. Når du klikkar på kaffikoppen blir den fyllt med kaffi, og programmet hindrar då maskina i å gå i dvale. Eg plar bruka dette når eg ser web-tv. Då har skjermspararen ein tendens til å slå inn, akkurat når programmet har begynt å bli spennande. Ein ting eg gjerne opplev, er at eg gløymar Caffeine som då blir ståande på. Resultatet blir ei maskin som aldrig går i dvale. For å unngå dette, klikkar eg på symbolet av kaffikoppen mens eg held inne Eple-knappen på tastaturet. Då kjem det opp ein meny, og i den vel eg Active for, som eg så set til ein time. Det passar fint for meg :) Annonse | |||||||||||