Eg fekk melding om at harddisken var full, og rydda unna det eg kunne. Eit par dagar seinare var harddisken på ny full. Då var det tid for jakt. Eg måtte finna ut kva det var som stakk av med all harddiskplassen min:
- JDiskReport er verdens beste program til å identifisera store filer
Programmet fins både for Windows og Mac.
Etter installasjon skannar du harddisken og startar å bla (i kakediagram).
Klikk på den delen som er størst til du kjem fram til problemet.
Hos meg viste deg seg at Mozilla Firefox hadde lagra 2500 filer med totalt 23 GB med data i den her mappa:
- C:\Users\User\AppData\Roaming\Mozilla\Firefox\Profiles\slhwa14k.default
Dette er det jo berre å sletta.
Årsaka til at sånt kan skje, er nok at eg har brukt alfa- og beta-utgåver av Mozilla sin komande Firefox.
Uansett er det kjekt å ha tilgang til såpass gode program som JDiskReport!
Fleire program og tips fins på Dinside.no