Tumblr er den enklaste bloggenVanlig weblogging (eller blogging) er litt 2007, på ein måte.. Men til oss av den gamle skule som likar å blogga, så kjem Tumblr inn som den enklaste og lekraste blogg-tenesta på interwebzen. Om du likar sånne her ting, bør du registrera deg berre for å få gleda av kor genialt det kan gjerast. Store og tydelege bokstavar og ein så genialt enkel måte å løysa ting på at blogging blir ein fryd. Sjølv brukar eg Tumblr til å posta kjekke ting eg snublar over på min surfe-veg.
Tanken bak teknisk på Origo![]() Hemo sin teknisk-blogg starta i september 2004. Den gong akreiv eg om den komande førsteutgåva av Firefox og eit program som kunne visa harddiskaktivitet på skjermen. Nostalgien fins her Teknisk-bloggen på Blogspot fekk totalt 36 innlegg og levde i ca. 1 år. I september 2005 flytta teknisk-bloggen til blogs.no der bloggen framleis lev vidare. På litt over to år har det blitt posta over 280 innlegg. Om teknisk-bloggen vert flytta til Origo, veit eg enno ikkje. Først må eg testa ut korleis bloggfunksjonen på Origo fungerer i praksis, og det finn eg ut no. Kjekt! Annonse | |||||||||||