Viser arkivet for stikkord bkite

Brightkite tar Facebook litt lenger

www.bkite.com

Jau.. det blei kanskje litt dystre innlegg i den her teknisk-bloggen, så no må eg prøva med noko kjekt:

Ei snedig side som på mange måtar tar Facebook litt lenger.
Frå PCen klikkar du ganske enkelt på Facebook-knappen for å logga inn. Du slepp registrering og tull. Vel inne, klikkar du på Account Setting der du kan endra username/nick, lasta opp bilete av deg sjølv, etc.

Du kan la Privacy stå til PRIVATE, og så søker du opp plassen der du er. Skriv inn adressa, namnet på caféen, etc. Når du har funne rett plass, klikker du Check in

Det er starten, og du er i gang! :-) Enkelt og greitt..

Vener du veit kven er, markerer du som “Trusted”.
Dei får veta den eksakte adressa di, mens alle andre berre får sjå at du er i den eller den byen.