Torrent-klient med multimediastøtteBitTorrent er nyttig når nokon skal spre populære filer, utan bruk av superkraftig server med enorm bandbreidda. Linux-distribusjonar, podkastar og TV-program er døme på ting som drar nytte av Torrent. Her er ein Torrent-klient med innebygd støtte for avspeling av ulike medie-filer. Då kan du søka opp, lasta ned og spela av TV-seriar, filmar og musikk i eit og same program.
Sjå "TV" med MiroNår TVen blei kasta på dør, kom det aldri nokon flatskjerm for å erstatta den. NRK si Nett-TV-teneste er flittig bruk, men også Miro gjer det enklare å klara seg utan TV. Miro lar deg abonnera på ein rekke video-podkastar eller nett-TV-sendingar. Alt med RSS-støtte kan leggjast inn i Miro, men det innebygde biblioteket av kanalar inneheld det meste. Blandt mine favorittar i Miro fins Tekzilla, Epic Fu, popSiren, GeekBrief.TV, Cranky Geeks og Board Games with Scott.
Annonse | |||||||||||