Viser arkivet for stikkord backup

Bruk sommaren på reservekopiering

Alle filer du ikkje vil mista, må reservekopierast til ein eller fleire stadar. Harddisken i datamaskina di kjem garantert til å ryka. Då gjeld det å ha kopi av alt det viktiga.

Eg har sjølv ein ekstern harddisk på 1 TB frå Western Digital og er godt nøgd. Disken treng ingen straum (utover det den får frå USB-porten i datamaskina), og kjem med programvare for automatisk backup til- og kryptering av, harddisken.

Enkelte på Internett mislikar programvaren og det fins måtar å fjerna den på på, men hos meg fungerer det fint. Veldig greit å vete at alle data på harddisken er kryptert, i tilfelle eg mister den.
Hovudfordelen med med medfølgande krypteringsprogramvaren på disken, er at den gjer alt automatisk. Passordet for dekryptering og tilgang, vert lagra i datamaskina di. Når du koplar ho til, kjem stasjonen rett opp i Mac OS X eller Windows.

Koplar du disken til ein ny maskin, blir du bedt om å installera programvaren og tasta inn passordet. Tjuven kan alltids sletta alt på disken, for så å bruka den, men dine data kom såfall ikkje på avvege.

Gmail Backup for Windows

Gmail Backup

Windows-programmet Gmail Backup lagrar all eposten du har i Gmail som eml-filer i ei valfri mappe på harddisken din. Dette bør gje ein stor grad av tryggleik, då så godt som alle epostprogram kan importera eller hansama eml-filer.

Programmet er gratis og virusfritt (i følgje Virustotal), så eg testa det ut.

Programmet ser ut til å fungera veldig godt, og eg tenker å bruka det i tida framover.

Backupify tar backup av nettlivet ditt

Backupify

Backupify er ei teneste som tar kopi av alle data du legg ut på nettbaserte tenester som Gmail, Twitter, Flickr, osb. Du må sjølv ta stilling til om du vil stola på Backupify. I utgangspunktet skal du aldri leggja konfidensiell informasjon på nett. Epost er til dømes mindre sikkert enn bruk av tradisjonelle postkort.

Det du sender via epost, postar til Flickr eller melder via Twitter er kanskje ikkje så hemmeleg?
Stolar du på at Gmail, Yahoo, Facebook og andre leverandørar får tilgang til informasjonen du legg ut der, så stolar du kanskje på at Backupify også får tilgang til dei same dataene? Eg gjor såfall det.

Eg registrerte meg no, fordi det er gratis før 31.01.2009
Då har eg ein viss sjans til å få gjennoppretta data, om til dømes Facebook skulle koma til å sletta masse som eg ikkje får tilbakeført.

Har du opplevd å mista informasjon du har publisert på nett?
Fortell, fortell…

Gratis nettbasert backup med Mozy

MozyHome Remote Backup

Det fins mange smarte nettbaserte backupsystem som lar deg ta reservekopi av filene dine. Mozy er den av løysingane eg har brukt lengst. Med Mozy på PCen (eller MACen) får eg automatisk kopi av viktige filer til Internett. Løysinga er gratis inntil 2 GB. Når eg tek i bruk ei datamaskin, installerer eg alltid Mozy. For å koma under 2 GB-grensa, vel eg vekk musikk, bilete og videoar. Resten består av Office-filer, favorittar i nettlesarane mine, epost (f.eks. Outlook). osb. Normalt når eg alldri 2 GB grensa.

For å få meir plass, kan du betala $4.95 (ca. NOK 28,-) per månad. Då kan du reservekopiera alle filene i datamaskina di.

Hovurdfordelen med å la Mozy ta kopi av filene til Internett, er at du alltid har sikra siste versjon av det du arbeider med. Du slepp å måtte gjennoppretta filer som er veker eller månadar gamle, for Mozy har mest sansyneleg klart å kopiera tom. siste endring. Veldig praktisk!

Mozy lagrar versjonar, så når du har overskrivd originalen, kan du gjennoppretta fila frå ein av dei tidlegare versjonane.

Mozy er også full-kryptert og tryggleiken er funna akesaptebel av ei rekke kjelder som i alle fall eg velger å stola på.

Last ned og installer Mozy, her:

Har du spørsmål, kommentarar eller andre tilbakemeldingar, så skriv inn ein kommentar! :-)

Gje mappene dine vinger med SugarSync

SugarSync

Vi som brukar meir enn ei datamaskin kjem ofte ut for at vi skulle hatt tak i noko som ligg på den andre maskina. SugarSync lar eg feste vinger på mappene dine, så dei vert tilgjengeleg på alle maskinene dine, samt at du kan nå filene via web.

Løysinga er kryptert og sikker, og du kan dela innhald med dei du ønskjer.

Årsaka til at eg likte SugarSync si løysing, er at grensesnittet er så reint og ryddig. Deira løysing fungerer mellom ulike platformar og om du har gratis-løysinga med plass til 2 GB, får du 1/4 GB i bonus for kvar venn du vervar.

Skaff deg gratis 2 GB SugarSync via denne lenka, så får du også 1/4 GB frå starten av:

Programmet er veldig enkelt og intuitivt, men lurer du på noko om SugarSync så er det berre å spør. Vi er glade i kommentarar :-)

2 GB gratis nettbasert backup

Mozy

Alle treng reservekopiering av viktige filer. Vi brukar CDar og DVDar, eksterne harddiskar og minnepinnar. Problemet med reservekopiering er at vi ikkje orkar å kopiera alt, heile tida.

Mozy løyser dette på ein genial måte. Det lille programmet legg seg i meldingsfeltet ved sida av klokka, og kopierer filene dine på ein trygg måte til Mozy sine backup-servere.

Så lenge du held deg under 2 GB er Mozy gratis.
Treng du meir enn 2 GB er prisen $4.95 per månad.
Då får du til alt overmål ubegrensa lagringsplass.

Programmet fins både for Windows og Mac, og kan lastast ned her:

Sjølv held eg meg under 2 GB-grensa, og trivs godt med det. Alt av filmklypp, musikk og bilete held eg utanom Mozy. Resten av dokument, rekneark, favorittar, etc. blir kontiunerleg teke reservekopi av til Mozy. Veldig nyttig, veldig enkelt og ganske gratis :-)