Viser arkivet for stikkord antivir

Kva for antivirusprogram er best?

Anti-Virus Comparative No. 21, February 2009

Kvaliteten til antivirusprogram varierer ganske mykje. Sjølv har eg ei klar kjensle av at produsenten til eit produkt som har fått godt skusmål slappar litt av eller søv litt på lauvbæra. Etter ei tid går kvaliteten ned og fleire og fleire opplev problem og feil ved produktet som før fekk toppkarakter. Når eit antivirusprogram har blitt kritisert lenge, tek ofte utviklaren seg veldig saman og forbetrar produktet. Sånn svingar dette, gjerne innan eit og same år.

Om eg har tolka rapporten rett, stikk den tidlegare sterkt utskjelte Symantec seg sterkt fram. Det same gjer ESET (NOD32), Kaspersky og McAfee

Av desse har eg god erfaring med gratis-tenesta Kaspersky Online Virus Scanner. Denne kan ikkje fjerna virus, men fungerer som ein fin-fin ekstrasjekk på om datamaskina faktisk er virusfri.

Avast og AVIRA fins i gratisutgåver for privat bruk, noko som gjer at eg vil ambefala desse to over den tidlegare ambefalte AVG. Merk også at den norske Norman kanskje ikkje bør ambefalast, ut frå den her testen.

Gjer vedlikehald på datamaskina di i dag!

Unngå Conficker-viruset!

I dag er den rette dagen for utføra kritisk vedlikehald av alle Windows-maskine du har tilgang til.
Desse tinga må du nesten rekka å gjer i dag, og du må gjer det på alle Windows-maskiner som er tilkopla Internett:

  1. Sjekk at brannmuren faktisk er på – Start → Kontrollpanel → Windows-brannmur
  2. Kople ut AutoRun – sjå eige blogginnlegg
  3. Firefox 3.0.8 – firefox.no
  4. Oppdater antivirusprogrammet ditt – AVG Free 8.5, avast og AntiVir er gratis
  5. Windows Update – windowsupdate.microsoft.com

Om du har Microsoft Office, Adobe Reader, Adobe Flash Player og/eller Sun Java, bør du oppdatera desse også:

Det er berre siste versjon som er rekna som ”sikker”.
Eldre versjonar av desse tinga inneheld typisk feil som
gjer det mogeleg for datavirus å øydeleggja PCen din!