Lag anonyme lenkerNår du lenker til andre frå nettsida di vil dei du lenker til kunne sjå at lenkene kjem frå deg. Så om eg til dømes no lagar ei lenker til http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/article3450681.ece vil HF kunne sju at trafikk frå denne lenka kjem frå akkurat teknisk.origo.no Nokon gongar har du kanskje ei skjult nettside som er meint å vera hemmeleg. Kanskje du har ei lukka eller intern nettside, eit lukka diskusjonsforum eller kanskje ein privat wiki? Då vil lenker til andre kunne avsløra deg. På nettsida anonym.to kan du laga anonyme lenker.
http://anonym.to/?http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/article3450681.ece Når nokon klikkar på den anonymiserte nettadressa vil dei nå artikkelen HF-artikkelen som vanleg. Men HF-folka vil ikkje kunne sjå kvar trafikken kom frå. Då forblir den skjulte sida anonym :-) Annonse | |||||||||||