Påminning: Slett cookies i Flash PlayerOver 90 % av datamaskiner har Adobe sin Flash Player installert. Nettsider du besøker gøymer ofte ein Cookie i Flash Player, så dei kan kjenna deg igjen når du returnerer. No er det på tide å sletta denne lista igjen: Gjer Adobe Reader langt tryggareGjentekne feil har blitt oppdaga i Adobe Reader. Adobe kjem med ei oppdatering og ting skal vist nok vera OK. Men kort tid etter, finn nokon ein ny feil. Det einaste som må til, er at nokon får deg til å opna ei spesiell PDF-fil, og vips vil dei kunne få tilgang til heile datamaskina di. Ille! Så på ein måte er det viktig å alltid oppdatera til nyaste versjon, men med Adobe Reader fins eit tips til: Deaktiver JavaScript for Acrobat!
Det er så godt som ingen PDF-filer som treng JavaScript.
Oppgrader til Adobe Reader 9.2.0, no!Har du Adobe Reader på ein nyare datamaskin, så må du ganske enkelt oppdatera til versjon 9.2.0 med ein einaste gong. Dette gjer du anten via Hjelp-menyen i Adobe Reader, eller ved å lasta ned programmet frå Adobe sine heimesider: Klikk på knappen “Get Adobe Reader”.
Feilen som no blir retta, gjer det mogeleg å lura deg til å opna ei spesielt tilrettelagd PDF-fil som får Adobe Reader til å feila, noko som igjen gjer at angriparen får full kontroll over datamaskina di.
Kjelde: Security bulletin 09-15 Fjern overvakinga via Flash CookiesDu viste kanskje at nettlesaren din lagrar cookies (små tekstfiler) som nettsider mellom anna brukar til å kjenna deg igjen. Nettbanken brukar cookies for å hindra at andre plutseleg gjer seg ut for å vera deg ved å ta over sesjonen mens du er innlogga. Facebook brukar cookies så du slepp å logga deg inn kvar gong. Betre fargar på RAW-bileta i LightroomAdobe Lightroom er eit databaseprogram for bildesamlingar. Med dagens store fotosamlingar seg eg ingen annan utveg enn å bruka den her type program. Apple sitt Aperture eller Google sitt Picasa (gratis) gjer mykje av det same, men Lightroom ser ut til å stikka av med teten blandt proffar. Eg har ledig harddiskplass, og eksterne harddiskar med enorm kapasitet er ofte prisa under 1000,- så lagringsplass er ikkje lenger mangelvare. Når kameraet har støtte for RAW, så fotograferer eg berre i RAW. Då får eg teke vare på originalbilete (negativet) og alle justeringar og endringar tek utgangspunkt i dette. Lightroom tolkar fargene i RAW-bileta på sin eigen måte. Kameraprodusenten har sine eigne fargeprofilar som ofte gjev betre fargar. Adobe har laga nokre fargeprofilar som er meir lik kameraprodusentane sine, enn dei som ligg i Ligthroom. Som ein bevist fotograf, vil eg ha best mogelege fargar på bileta mine, og installerer difor Camera Profiles frå Adobe Labs. Programmet er gratis og gjev eit nytt val (vist på sida der) i Lightroom. Kjelde: PeachpitTV – Camera Profiles 2 Gjer vedlikehald på datamaskina di i dag!I dag er den rette dagen for utføra kritisk vedlikehald av alle Windows-maskine du har tilgang til.
Om du har Microsoft Office, Adobe Reader, Adobe Flash Player og/eller Sun Java, bør du oppdatera desse også:
Det er berre siste versjon som er rekna som ”sikker”.
Foxit Reader i staden for Adobe ReaderNår du skal lesa, skriva ut eller berre visa PDF-filer, treng du eit program som kan hansama denne type filer. PDF-formatet er utvikla av firmaet Adobe og dei lagar eit gratisprogram som heiter Adobe Reader. Dette programmet fungerer fint på PDF-filer, men det er veldig digert og legg beslag på mykje av kreftene i datamaskina. Foxit Reader er eit langt mindre ressurskrevjande program som på mange måtar gjer ein betre jobb med PDF-filer enn Adobe sitt eigenutvikla Adobe Reader. Fordelen med Foxit Reader er først og fremst at det er langt raskare og at maskina ikkje blir mykje seinare. Foxit Reader er gratis og Windows-utgåva kan du lasta ned frå foxitsoftware.com/pdf/reader_2/down_reader.htm
doPDF - gratis utskrift til PDFPDF er eit dokumentformat som kan brukast av nesten alle typar datadingsar frå datamaskiner til mobiltelefonar. Den enklaste måten å laga PDF-filer på er å skriva dokumentet ut via ein såkalla PDF Creator. Det fins fleire gratisløysingar for dette og eg har tidlegare brukt PDFCreator og CutePDF. Det beste med PDFCreator er at programmet er basert på open kildekode. Fordelen med CutePDF er at programmet har full Vista-støtte. doPDF har også full Vista-støtte, men har eit viktig fortrinn framfor CutePDF: Du kan justera kvaliteten til bileta i dokumentet. Dette har stor innverknad på om PDF-fila blir diger eller overkommeleg stor.
PS! Virustotal fann ingen virus eller spyware i doPDF, så programmet skal vera heilt trygt å lasta ned! Annonse | |||||||||||