Viser arkivet for stikkord acrobat

doPDF - gratis utskrift til PDF

doPDF

PDF er eit dokumentformat som kan brukast av nesten alle typar datadingsar frå datamaskiner til mobiltelefonar. Den enklaste måten å laga PDF-filer på er å skriva dokumentet ut via ein såkalla PDF Creator. Det fins fleire gratisløysingar for dette og eg har tidlegare brukt PDFCreator og CutePDF. Det beste med PDFCreator er at programmet er basert på open kildekode. Fordelen med CutePDF er at programmet har full Vista-støtte.

doPDF har også full Vista-støtte, men har eit viktig fortrinn framfor CutePDF: Du kan justera kvaliteten til bileta i dokumentet.

Dette har stor innverknad på om PDF-fila blir diger eller overkommeleg stor.
PDF-filer med 72 dpi oppløysing på bileta kan kanskje bli litt kornete, men med doPDF har du sjølv styringa.

PS! Virustotal fann ingen virus eller spyware i doPDF, så programmet skal vera heilt trygt å lasta ned!