Viser arkivet for stikkord Windows

Tre alternativ til ZoneAlarm

Breibandsruteren din har nok ein enkel brannmur som gjev god vern mot hacker-angrep frå Internett. Operativsystemet i datamaskina di har heilt sikkert også eit meir enn godt nok vern mot dette. Hovudårsaka til at vi brukte ZoneAlarm i gamledagar, var for å stoppa programvare i datamaskina frå å få tilgang til Internett.

Her er tre alternativ til ZoneAlarm (som ingen lenger vil bruka, fordi det ikkje held mål):

PS! På Macen har vi Little Snitch til €30

Ninite.com

Det høyres kanskje skummelt ut, men ninite.com får gode skusmål og gjer det langt enklare å få inn det esensielle på ein ny-installert PC.

Eg har ofte gløymt å bruka denne, og iritert meg over det i ettertid. Tidkrevjande manuelle installasjonar av dei same programma, er unødvendig.

Betre antivirus for Windows

Panda Cloud Antivirus

Panda har tenkt nytt, og laga eit antivirusprogram som drar veksel på at alle alltid er på nett. Programmet er gratis og fungerer også i Windows 7. Sjølv har eg norsk 64 bit-utgåve av Windows 7 og Panda Cloud Antivirus fungerer fint som berre det.

Før du lastar ned og installerer programmet (som er litt over 20 MB stort), bør du av-installera eksisterande antivirusprogram. Det er aldri lurt å ha meir enn eitt antivirusprogram aktivt under Windows!

Du finn ein engelsk test av programmet, her.

Skroll vindu som ikkje ligg fremst

WizMouse for Windows

Apple sitt Mac OS X lar oss rulla i det vindauga som musepila peiker på. Windows lar oss berre rulla i det aktive vindauga som ligg fremst. Om du skal rulla (eller skrolla) i ei liste eller ei web-side, så du klikka på vinduaga så det kjem øvst. Upraktisk, spør du meg, fordi eg er vane med Mac.

WizMouse er eit gratis Windows-program som gjer at du får rulla i det vindauga musepila peiker på, sjølv om det ligg lenger bak. Eg skreiv om programmet for snart eit år sidan, men no er det komt i ny versjon med full Windows 7-støtte.

Last ned WizMouse hos Download.com

Del ei mappe med andre i nettverket

Som kommenter i eit innlegg skriv Grete R.:

OK!! Jeg er urdårlig på deling av mapper etc på mac. Jeg har en mappe på min HD som heter Kunder. Den vil jeg dele med min kollega. Vil helst at den “popper” opp automatisk hos han når jeg logger på :-)

Apple har ein norsk artikkel om fildeling som du kan kikka på: Les meir…

Velg deg ein nettlesar (Windows)

Internet Explorer 8

No kjem oppdateringa som lar deg velga nettlesar (weblesar) til Windows.
Først får vi beskjeden: “Bekreft at du er koblet til Internett før du fortsetter.”
Då startar eg opp Google Chrome då, for å sjå om eg er på nett.
Så kjem lista (hos meg kom den rett nok på engelsk), der dei fem første er godt kjend. Eg brukar dei alle saman så og sei kvar dag. Fem gode nettlesarar med ulike kvalitetar, her sortert etter kor god nytte eg har av dei:

  1. Google Chrome
  2. Opera
  3. Internet Explorer
  4. Mozilla Firefox
  5. Safari

Les meir…

Gjer Internett Explorer trygg

Egenskaper for Internett

Sjølv om vi no har slutta å bruka nettlesaren Microsoft Internet Explorer, er den like fult installert på Windows-PCane våre. Den utgjør ein risiko, for tryggleiken er og blir for liten. Den siste tida har fleire Windows-PCar blitt angripen og teke kontroll over. Angrepa som lukkast, kjem ofte frå datamaskiner i same lokalnett som PCen din står i. Her er framgangsmåten for å bolta ned nettlesaren, og gjer den trygg:

Les meir…

Finn utdaterte program med TechTracker

CNet TechTracker for Windows

Eg lasta ned og installerte CNET TechTracker now på Windows-PCen min. Etter eit par minutt hadde den funne 20 utdaterte program.

Resultatet er ei web-side som listar opp alle utdaterte aplikasjonar. Ved kvar aplikasjon finn du ei lenke for nedlasting av nyaste versjon. Enkelt, praktisk og ganske kjekt :)

Hovudproblemet med utdaterte program, er at dei utgjer ein trussel mot tryggleiken. Feil i program kan gjer at datasystemet feiler, som igjen kan bli utnytta av ein hacker eller angripar til å ta kontroll over datamaskina di.

Fira gode råd for god tryggleik:

  1. Aktiver brannmuren
  2. Oppdater operativsystemet, samt alle installerte program og drivarar
  3. Oppdater antivirusprogrammet ditt og søk etter nye virus med gjavne mellomrom
  4. Installer eit eller fleire program som kan søka fram spionprogramvare, hald dette/desse oppdatert og søk etter spionprogramvare med gjavne mellomrom.

Dei to siste punkta har Apple-brukarar i stor grad kunne sjå bort frå. La oss håpa det forblir sånn lenge :)

PeaZip - eit alternativ til 7-Zip

PeaZip

Før brukte vi PKZIP og seinare WinZIP. Windows XP fekk innebygd støtte for Zip, og vi som trengte litt meir gjekk då vidare til WinRAR. Utfordringa der, er at WinRAR er eit kommersielt (ikkje ope) program som kostar pengar. Lenge har vi brukt 7-Zip som er basert på open kjeldekode og som kan hansama det meste av filformat for komprimerte filer.

PeaZip kan kanskje kallast eit meir moderne Windows-program som kan fleire ting og har eit lekrare brukargrensesnitt. Og det er lika gratis og ope som 7-Zip.

Lag recovery-CD av Windows-PCen din

Backup & Recovery 10 Free Edition

I følgje Dinside.no skal Backup & Recovery 10 Free Edition kunne laga recovery-CD (eller -DVD) av heile Windows-PCen din.

Eg har ikkje testa programmet enno, men tenkte at eg måtte gjer det, neste gong eg installerte ein Windows-maskin på nytt.

Har du erfaring frå å laga Recovery-CD av Windows-PCar?