Viser arkivet for stikkord Tips

Ninite.com

Det høyres kanskje skummelt ut, men ninite.com får gode skusmål og gjer det langt enklare å få inn det esensielle på ein ny-installert PC.

Eg har ofte gløymt å bruka denne, og iritert meg over det i ettertid. Tidkrevjande manuelle installasjonar av dei same programma, er unødvendig.

Bruk sommaren på reservekopiering

Alle filer du ikkje vil mista, må reservekopierast til ein eller fleire stadar. Harddisken i datamaskina di kjem garantert til å ryka. Då gjeld det å ha kopi av alt det viktiga.

Eg har sjølv ein ekstern harddisk på 1 TB frå Western Digital og er godt nøgd. Disken treng ingen straum (utover det den får frå USB-porten i datamaskina), og kjem med programvare for automatisk backup til- og kryptering av, harddisken.

Enkelte på Internett mislikar programvaren og det fins måtar å fjerna den på på, men hos meg fungerer det fint. Veldig greit å vete at alle data på harddisken er kryptert, i tilfelle eg mister den.
Hovudfordelen med med medfølgande krypteringsprogramvaren på disken, er at den gjer alt automatisk. Passordet for dekryptering og tilgang, vert lagra i datamaskina di. Når du koplar ho til, kjem stasjonen rett opp i Mac OS X eller Windows.

Koplar du disken til ein ny maskin, blir du bedt om å installera programvaren og tasta inn passordet. Tjuven kan alltids sletta alt på disken, for så å bruka den, men dine data kom såfall ikkje på avvege.

Zoom inn i Mac-skjermen og skjul markøren

Skjul musemarkøren etter inn-zooming

For å zooma inn Mac-skjermen, held du inne Ctrl-tasten på tasteturet og ruller oppover. Om du har bærbar MacBook med styreflate som lar bruka to fingre for å rulla, så held du berre nede Ctrl-tasten mens du flyttar to fingre oppover styreflata.

Etter at du har zooma inn skjermen, kan du enkelt skjula musemarkøren (om du syns den er i vegen):

  • Trykk på ein av pil-tastane på tastaturet

Apple sine operativsystem i Mac OS X-serien skjular alltid musemarkøren når du skriv inn tekst. Eit enkelt trykk på ein av pil-tastene er nok til å skjula den digre inn-zooma musemarkøren.

Web-basert fotofikling med

Arild og Gard på frimerke

photofunia.com kan du enkelt laga avanserte fotofiklingar, rett på web. Du treng ikkje ein gong å registrera deg. Du vel berre ein mal, lastar opp eit eller fleire av dine eigne bilete og vips har Photofunia laga ein avansert retusjering av malen med ditt eller dine bilete inni.

Les meir…

Ny Firefox med betre sletting av historikk

Slett nyleg historikk med Firefox 3.5

Når du surfar på Internett med ein nettlesar, blir den såkalla surfehistorikken lagra i nettlesaren. Du kan sjølv gjere nytte av denne historikken. Du har f.eks. merka at lenker du alt har besøkt kan framstå med ein annan farge på enkelte heimesider. Dette er det nettlesaren din som gjer, ved hjelp av historikken.

Om du surfar inn på sider som andre brukarar av datamaskina helst ikkje skal vete, kan du slette nettlesaren sin historikk. Problemet har til no vert at du då slettar all historikk, men no fins ei elegant løysing i nye Firefox 3.5. Du kan sletta nyleg historikk og du kan spesifisera om Firefox skal sletta historikk frå den siste timen, siste to timar, siste fira timar eller all historikk frå i dag.

Funksjonen “Slett nyleg historikk” finn du mellom anna under menyen Verktøy i Firefox 3.5

Aktiver muserørsler i Opera 9.5

Aktiver muserørsler i Opera 9.5

Den tryggaste, raskaste og beste nettlesaren for surfing på Internett er norsk og heiter Opera 9.5. I staden for å måtte sikta musepila inn på den vetle tilbakeknappen, oppe til venstre, kan du bruka muserørsler på ein genial måte. Først må du aktivera funksjonen:

  • Verktøy → Innstillingar
  • Avansert → Snarvegar
  • Sett hake for “Bruk muserørsler”
  • Klikk OK

No kan du veldig enkelt halda inne høgre museknapp og klikka ein gong på den venstre.
For å gå fram (om du f.eks. gjekk eit hakk for langt tilbake), kan du halda inne venstre museknapp og klikka ein gong på den høgre.

Det er genialt enkelt, og når du først blir vant med den her måten å navigera på så vil du aldri tilbake!