Google passar godt på Gmail-kontoen min :-DI går testa eg ut ein ny chat-teneste (direktemelding eller "IM") som DinSide.no hadde ein artikkel om. Tenesta heiter imo.im og lar deg flytta chaten frå Google Talk, MSN/Live Messenger, Facebook, Yahoo!, Skype, etc. over på web (the cloud). Ganske praktisk når ein er på farten eller ofte byttar datamaskin. Eg logga inn i Google Chat (som er knytta til gmail-adressa mi) og testa ut Les meir… Skift passordet til MSN og Hotmailen dinHar du opplevd at nokon i MSN Messenger-lista di sender deg ein rar tekst med ei lenke til ei nettside? Det er nok eit forsøk på å lura deg og i verste fall er det eit virusangrep. Dei som sender desse meldingane har ofte brutt seg inn i andre sin MSN-konto og kan då senda kva dei vil til alle kontaktane som er der. Om det er din MSN-konto desse meldingane kjem frå, må du endra passordet ditt. Det er einaste måte å koma unna problemet på. Her ser du ein måte å skifta passordet på: Endre MSN-passordet via Hotmail
Annonse | |||||||||||