Viser arkivet for stikkord Messenger

Skift passordet til MSN og Hotmailen din

Endre MSN-passordet via Hotmail

Har du opplevd at nokon i MSN Messenger-lista di sender deg ein rar tekst med ei lenke til ei nettside? Det er nok eit forsøk på å lura deg og i verste fall er det eit virusangrep. Dei som sender desse meldingane har ofte brutt seg inn i andre sin MSN-konto og kan då senda kva dei vil til alle kontaktane som er der.

Om det er din MSN-konto desse meldingane kjem frå, du endra passordet ditt. Det er einaste måte å koma unna problemet på. Her ser du ein måte å skifta passordet på:

Endre MSN-passordet via Hotmail

  • Logg deg inn på www.hotmail.com
  • Klikk Konto, heilt nede til høgre
  • Klikk endre, bak der det står om passord

Adium for Mac kan gje MSN-SPAM

Blokker SPAM i Adium

Om du har Adium for Mac og har lagt til MSN- eller Windows Live Messenger-kontoen din, kan du oppleva at det dukkar opp uønska meldingar frå ukjende folk. Denne SPAMen kan du bekjempa på ein veldig enkel måte:

  • Gå til Adium
  • Klikk ned Adium-menyen
  • Klikk på Personverninnstillinger
  • Under Konto vel du MSN-kontoen
  • Endre Personvernsnivå til Tillat bare kontakter på min kontaktliste

Den her endringa skal gjer det umogeleg for andre MSN Messenger-brukarar å kontakta deg, med mindre dei ligg i kontaktlista di.