Viser arkivet for stikkord Mac

Kurs i Preview for Mac

Apple Preview for Mac

Programmet Preview kjem med alle Apple-maskiner og er integrert i Mac OS X. I tillegg til å visa PDF-filer, kan Peview visa ei lang rekke andre filformat. Preview fungerer då som standard fil-visingsprogram i eple-PCen din.

Her kom eg over to gode kurs som gjev opplæring i meir avansert bruk av Preview-programmet. Veldig nyttig for oss Mac-brukarar (som kan engelsk):

Kjelde: makeuseof.com

Del ei mappe med andre i nettverket

Som kommenter i eit innlegg skriv Grete R.:

OK!! Jeg er urdårlig på deling av mapper etc på mac. Jeg har en mappe på min HD som heter Kunder. Den vil jeg dele med min kollega. Vil helst at den “popper” opp automatisk hos han når jeg logger på :-)

Apple har ein norsk artikkel om fildeling som du kan kikka på: Les meir…

Zoom inn i Mac-skjermen og skjul markøren

Skjul musemarkøren etter inn-zooming

For å zooma inn Mac-skjermen, held du inne Ctrl-tasten på tasteturet og ruller oppover. Om du har bærbar MacBook med styreflate som lar bruka to fingre for å rulla, så held du berre nede Ctrl-tasten mens du flyttar to fingre oppover styreflata.

Etter at du har zooma inn skjermen, kan du enkelt skjula musemarkøren (om du syns den er i vegen):

  • Trykk på ein av pil-tastane på tastaturet

Apple sine operativsystem i Mac OS X-serien skjular alltid musemarkøren når du skriv inn tekst. Eit enkelt trykk på ein av pil-tastene er nok til å skjula den digre inn-zooma musemarkøren.

Justere tidslinja på macen

Eg har fått eit tips om at du har oppskrift på korleis ein får opp dato i toppmeny/verktøylinja på macen. Har du publisert det på denne sona, eller skreiv du det ein annan stad? Eg treng litt hjelp :)

Flip4Mac på Apple-maskina

Filp4Mac

Eg fekk eit spørsmål om websider for Mediaplayer på Mac-maskiner, og sendte eit svar eg tenkte kunne vera nyttig for andre:

  1. Programmet som spelar av film på Macen din heiter QuickTime.
  2. VLC er eit gratis alternativ som spelar det meste av film.
  3. For å visa Windows-film frå web i Safari, må du installera Flip4Mac:
    http://www.microsoft.com/mac/products/flip4mac.mspx

Dette installerer eg på mine Mac-maskiner, men fleire og fleire nettsider støttar Silverlight som er mykje betre enn Flip4Mac. På NRK.no sin nett-TV kan du klikka Innstillinger oppe til høgre, og endra til Silverlight.

Adium for Mac kan gje MSN-SPAM

Blokker SPAM i Adium

Om du har Adium for Mac og har lagt til MSN- eller Windows Live Messenger-kontoen din, kan du oppleva at det dukkar opp uønska meldingar frå ukjende folk. Denne SPAMen kan du bekjempa på ein veldig enkel måte:

  • Gå til Adium
  • Klikk ned Adium-menyen
  • Klikk på Personverninnstillinger
  • Under Konto vel du MSN-kontoen
  • Endre Personvernsnivå til Tillat bare kontakter på min kontaktliste

Den her endringa skal gjer det umogeleg for andre MSN Messenger-brukarar å kontakta deg, med mindre dei ligg i kontaktlista di.

Få liv i ein gammal skannar med VueScan

vuescanVeuScan frå Hamrick Software

Om du har ein gammal skannar, kan det vera vanskeleg å få den til å fungera på nye datamaskiner. Problemet er ofte at produsenten av skannaren ikkje oppdaterer programmvaren (drivarane) når det kjem nye operativsystem (som Windows 7 og Mac OS X).

VueScan er eit program som kan få den gamle skannaren din til å fungera igjen, på nye datamaskiner. Programmet er ikkje gratis, men det fins ein gratis testversjon som kan brukast til å testa om programmet faktisk løyser problemet. Så er det opp til deg om du vil kjøpa full-versjonen eller ikkje.

Eg har tidlegare installert Windows XP i Sun VirtualBox for å få liv i ein gammal skannar. Tungvindt.. VueScan kan absolutt vera eit godt alternativ til å måtte kjøpa ny

Prøv VueScan her:

Favorittprogramvare på Mac

Etter å ha teke i bruk ein ny, eller formatert ein, Apple Mac med OS X (i staden for Windows), plar eg installera ein del program. Her er ei lista som eg planlegg å oppdatera etter kvart:

Tekniske ting

  • Skitch – Tar kopi av skjermen
  • StartupSound.prefPane – Ingen oppstartslyd
  • Caffeine – hindrar maskina å gå i dvale når du ser web-video, etc.
  • Growl – rammeverk for varsling og notifikasjon (..som mange gode Mac-program gjer nytte av)
  • Logmein – ta kontroll over maskina når du ikkje er ved den
  • Mozy Backup – 2 GB gratis automatisk backup av dokumenta på maskina di
  • Flip4Mac – Støtte for Windows Media Video
  • iStumbler – oversikt over trådlause nett
  • VirtualBox – Installer andre operativsystem
  • uTorrent – for nedlasting av ISO-filer til VirtualBox* "Microsoft
  • MacFUSE og NTFS-3G – Bruk eksterne harddiskar med NTFS (som Windows brukar)
  • Menumeters – Oversikt over minne, disk, nett, etc.

Artige ting