Viser arkivet for stikkord Labs

Moro med Google Maps Labs

Alle kjenner til Google Maps ja?
..for før brukte eg programmet Google Earth, men no er den litt forenkla web-baserte utgåva av Google Earth blitt så bra, at eg så godt som berre brukar Google Maps. Der får eg raskt vete kor langt det er til ulike stadar (med bil), eg ser høgdeforksjeldar i terenget, Street View, lagar eigne kart som visar alle mogelege ting, osb, osb, osb.

No har Google lansert ein Labs-del til Google Maps. Inne på Google Maps Labs kan du testa ut ulike funksjonar som er under utvikling. Mangen av funksjonane er nyttige, mens andre er meir underhaldande. Labs-funksjonen “Where in the World Game” er både nyttig (fordi du lærer) og underhaldande:

  • Klikk til Google Maps Labs
  • Bla ned til “"Where in the World Game”" og klikk “Enable”
  • Klikk “Save changes”

No skal du kunne klikka på linken “Where in the World Game”, rett oppforbi kartet på google Maps.

Karbon i nettlesaren

Personas for Firefox

Min bærbare PC har karbonmønster i lokket.
Her er eit tillegg til Firefox som gjer at du kan smykka nettlesaren din. Eg valgte sjølvsagd karboon som bakgrunn i min Firefox.

Kvifor ikkje pynta opp, når vi kan (y)