Viser arkivet for stikkord Google

Gratis Visio på web (igjen)

Microsoft Visio er eit dyrt program som lar deg teikna flytskjema eller skisser.
Google Docs har Draw, men manglar “fester” eller magnetiske fester, så ting får henga saman når du flyttar på dei. Så mens vi venter på dette, har eg brukt Gliffy.

I dag kom eg over Autocad-utviklarane sitt labs-prosjekt:

Det fungerte godt i Internet Explorer, og du kan lagra og eksportera om du registrerer deg (gratis).

Obs! Passordet du velger blir sendt til deg som e-post, så du vil kanskje ha eit unikt passord for Autodesk.

Moro med Google Maps Labs

Alle kjenner til Google Maps ja?
..for før brukte eg programmet Google Earth, men no er den litt forenkla web-baserte utgåva av Google Earth blitt så bra, at eg så godt som berre brukar Google Maps. Der får eg raskt vete kor langt det er til ulike stadar (med bil), eg ser høgdeforksjeldar i terenget, Street View, lagar eigne kart som visar alle mogelege ting, osb, osb, osb.

No har Google lansert ein Labs-del til Google Maps. Inne på Google Maps Labs kan du testa ut ulike funksjonar som er under utvikling. Mangen av funksjonane er nyttige, mens andre er meir underhaldande. Labs-funksjonen “Where in the World Game” er både nyttig (fordi du lærer) og underhaldande:

  • Klikk til Google Maps Labs
  • Bla ned til “"Where in the World Game”" og klikk “Enable”
  • Klikk “Save changes”

No skal du kunne klikka på linken “Where in the World Game”, rett oppforbi kartet på google Maps.

Google passar godt på Gmail-kontoen min :-D

I går testa eg ut ein ny chat-teneste (direktemelding eller "IM") som DinSide.no hadde ein artikkel om. Tenesta heiter imo.im og lar deg flytta chaten frå Google Talk, MSN/Live Messenger, Facebook, Yahoo!, Skype, etc. over på web (the cloud). Ganske praktisk når ein er på farten eller ofte byttar datamaskin.

Eg logga inn i Google Chat (som er knytta til gmail-adressa mi) og testa ut Les meir…

Enkel timeskriving i Google Regneark

Google Regneark (eller Google Spreadsheet) er eit nettbasert rekneark som minnar om Microsoft Excel. Hovudfordelen er at reknearket blir liggjande på nett, så du berre har ein kopi, ein stad. Du unngår kopiar, versjonar og krøll (så lenge du har tilgang til Internett).

Her er ein super-enkel måte å føra timelister på eit Google-rekneark: Les meir…

Velg deg ein nettlesar (Windows)

Internet Explorer 8

No kjem oppdateringa som lar deg velga nettlesar (weblesar) til Windows.
Først får vi beskjeden: “Bekreft at du er koblet til Internett før du fortsetter.”
Då startar eg opp Google Chrome då, for å sjå om eg er på nett.
Så kjem lista (hos meg kom den rett nok på engelsk), der dei fem første er godt kjend. Eg brukar dei alle saman så og sei kvar dag. Fem gode nettlesarar med ulike kvalitetar, her sortert etter kor god nytte eg har av dei:

  1. Google Chrome
  2. Opera
  3. Internet Explorer
  4. Mozilla Firefox
  5. Safari

Les meir…

Filtrer vekk Buzz-svar frå Innboksen

Google Buzz i Gmail

Når nokon du følger via Google Buzz postar ting, kjem det i Buzz-"mappa", rett under Innboks. Praktisk og greitt.
Når nokon svarar på dine ting, kjem det i Innboks. Upraktisk og rotete!
Løysinga er å laga seg eit filter som tar vekk alle Buzz-svar frå Innboksen din:

Kort oppsummert, gjer du dette:

  • Innstillinger → Filtre og Opprett et nytt filter (nederst)
  • Inneholder ordene: label:buzz
  • Klikk OK på advarselen
  • Hopp over innboksen (Arkiver)
  • Bruk etiketten: Ny etikett → “MineBuzzSvar”
  • Hak av for “Bruk på…” og klikk Opprett filter

Utvidingar for Google Chrome

Utvidingar i Google Chrome

Google Chrome er nok den raskaste nettlesaren. Den startar opp og jobbar raskare enn nokon andre. Sjølv om programmet vert utvikla av Google, er det basert på open kjeldekode, akkurat som Mozilla Firefox.

I dag installerte eg for første gong utvidingar i Chrome og blei positivt overraska. Klikk på Verktøy-knappen, heilt oppe til høgre (den med skiftenøkkel-symbol på), og klikk Utvidelser (eller Extensions). Dette er sida som visar utvidingane dine.

Du kan klikka “Last end flere utvidelser”, eller du kan følga den her lenka:

Eg ser også at Chrome har god støtte for fullskjerm (F11), så no er det snart berre førehandsvising av utskrift som gjenstår. Google Chrome er ein komplett nettlesar som i høgste grad kan erstatta både Internet Explorer og Firefox.

Har du ein favoritt blandt Chrome sine utvidingar?
Er det noko i Chrome du saknar eller gjerne vil at Google må få på plass?

Programpakke frå Google

Google Pack

Google har mange program og tenester som både er gratis og nyttige. Her er ei side der fleire gode gratisprogram kan lastast ned i ein pakke:

Praktisk å veta om, såfall…

Domenet pack.google.com skjular fleire godbitar, mellom anna:

Denne type ting kan ein finna via Google om ein søker avansert, eller surfar rundt på nettet…

Inspirasjon til Google Docs

Oppe til venstre i Gmail-innboksen din står det ”Dokument” eller ”Documents”. Dette er eit kraftig verktøy som gjer det mogeleg å jobba med dokument og rekneark rett på web så du kan nå filene dine frå andre datamaskine gjennom Internett. Du får dela filene med andre (om du vil) og du slepp å ha fleire kopiar av kvart dokument.

Vekenummer i Google-kalendaren

Vekenummer i Google Kalendar

Google sin kalendar er eit nyttig verktøy. Vi som har vert med ei stund manglar vekenummer i kalendaren vår. Her har eg funne ein kalendar som du kan importera i din eigen Google Kalender som visar vekenummer på ein elegant måte:

Du importerer denne kalendaren og så dukkar vekenummera opp i måndsvisinga.
Kjelde: Google Calendar Week Numbers