Kurs i Preview for MacProgrammet Preview kjem med alle Apple-maskiner og er integrert i Mac OS X. I tillegg til å visa PDF-filer, kan Peview visa ei lang rekke andre filformat. Preview fungerer då som standard fil-visingsprogram i eple-PCen din. Her kom eg over to gode kurs som gjev opplæring i meir avansert bruk av Preview-programmet. Veldig nyttig for oss Mac-brukarar (som kan engelsk): Kjelde: makeuseof.com Del ei mappe med andre i nettverketSom kommenter i eit innlegg skriv Grete R.:
Apple har ein norsk artikkel om fildeling som du kan kikka på: Les meir… Zoom inn i Mac-skjermen og skjul markørenFor å zooma inn Mac-skjermen, held du inne Ctrl-tasten på tasteturet og ruller oppover. Om du har bærbar MacBook med styreflate som lar bruka to fingre for å rulla, så held du berre nede Ctrl-tasten mens du flyttar to fingre oppover styreflata. Etter at du har zooma inn skjermen, kan du enkelt skjula musemarkøren (om du syns den er i vegen):
Apple sine operativsystem i Mac OS X-serien skjular alltid musemarkøren når du skriv inn tekst. Eit enkelt trykk på ein av pil-tastene er nok til å skjula den digre inn-zooma musemarkøren. Gje mappene dine vinger med SugarSyncVi som brukar meir enn ei datamaskin kjem ofte ut for at vi skulle hatt tak i noko som ligg på den andre maskina. SugarSync lar eg feste vinger på mappene dine, så dei vert tilgjengeleg på alle maskinene dine, samt at du kan nå filene via web. Løysinga er kryptert og sikker, og du kan dela innhald med dei du ønskjer. Årsaka til at eg likte SugarSync si løysing, er at grensesnittet er så reint og ryddig. Deira løysing fungerer mellom ulike platformar og om du har gratis-løysinga med plass til 2 GB, får du 1/4 GB i bonus for kvar venn du vervar. Skaff deg gratis 2 GB SugarSync via denne lenka, så får du også 1/4 GB frå starten av: Programmet er veldig enkelt og intuitivt, men lurer du på noko om SugarSync så er det berre å spør. Vi er glade i kommentarar :-) Flip4Mac på Apple-maskinaEg fekk eit spørsmål om websider for Mediaplayer på Mac-maskiner, og sendte eit svar eg tenkte kunne vera nyttig for andre:
Dette installerer eg på mine Mac-maskiner, men fleire og fleire nettsider støttar Silverlight som er mykje betre enn Flip4Mac. På NRK.no sin nett-TV kan du klikka Innstillinger oppe til høgre, og endra til Silverlight. Fjern overvakinga via Flash CookiesDu viste kanskje at nettlesaren din lagrar cookies (små tekstfiler) som nettsider mellom anna brukar til å kjenna deg igjen. Nettbanken brukar cookies for å hindra at andre plutseleg gjer seg ut for å vera deg ved å ta over sesjonen mens du er innlogga. Facebook brukar cookies så du slepp å logga deg inn kvar gong. Hald datamaskina vaken med CaffeineOm datamaskina går i dvale mens du til dømes ser video på web, kan programmet Caffeine vera nyttig. Programmet sit i meldingsfeltet ved klokka i Windows, eller oppe i menylinja på Macen. Eit klikk, og du kan halda maskina vaken. Du kan også sei kor lenge maskina skal halda seg vaken utan å sovna. Illustrasjonsfoto via openphoto.net under PublicDomain Adium for Mac kan gje MSN-SPAMOm du har Adium for Mac og har lagt til MSN- eller Windows Live Messenger-kontoen din, kan du oppleva at det dukkar opp uønska meldingar frå ukjende folk. Denne SPAMen kan du bekjempa på ein veldig enkel måte:
Den her endringa skal gjer det umogeleg for andre MSN Messenger-brukarar å kontakta deg, med mindre dei ligg i kontaktlista di. Cmd-k for Google-søk i Safari (Mac)Etter å ha blitt vant med Firefox sin hurtigtast for å nå søkefeltet oppe til høgre (Google-søk) via Cmd-k (altså; kringle-knappen og k), har eg ofte sakna å kunne trykka den same hurtigtasten i Apple sin eigen nettlesar Safari. Her er ein veldig enkel framgangsmåte for å få Safari til å Google-søka når du trykker Cmd-k
Den nye snarvegen skal då fungera i Safari.
Favorittprogramvare på MacEtter å ha teke i bruk ein ny, eller formatert ein, Apple Mac med OS X (i staden for Windows), plar eg installera ein del program. Her er ei lista som eg planlegg å oppdatera etter kvart:
Tekniske ting
Artige ting
Annonse | |||||||||||