Viser arkivet for januar, 2012

Rydd i Facebook

Ikkje ny, men like relevant:

Kjelde: Øystein D.

Lekker demo av Google Docs

Eg må innrømma at eg nesten aldri brukar Microsoft Offic lenger. Word, Excel eller Powerpoint vert sjeldnare og sjeldnare starta opp. Årsaka er at eg får gjort det eg vil ha gjort på web.

Google har ein office-pakke på web som heiter Google Docs.
Den er gankse så bra.
Det beste med Google Docs er samtidig samarbeid på dokument og rekneark. Eg deler dokumentet med andre (gjerne i ei gruppa) og får hjelp med å ferdigstilla og oppdatera dokumentet i sanntid.

Om ein i gruppa ikkje lenger skal ha tilgang, fjerner eg brukaren frå gruppa og vips så mister vedkomande tilgang til alle dokumenta.

Om du vil testa ut kva Google Docs kan, skal du prøva den her:

Du gjer endringar, du deler dokument-adressa med andre og ser korleis dei kan gjer endringar samstundes med deg. Du får demonstrert desse tenestene:

  • Google Dokument (litt som Microsoft Word)
  • Google Regneark (litt som Microsoft Excel)
  • Google Presentasjon (litt som Microsoft Powerpoint)
  • Google Tegning (Litt som Microsoft Visio)

Godt nyttår med top 5

Nettet renner over av Top 5 bla-bla-bla-lister. Are Kalvø hadde tom. eit koseri på P2 der han kåra dei fem særaste top 5-listene.

Har du ei Top 5-liste du vil dela med andre?
Bidra i kommentar-feltet :-)

Her er ei for vidarekomne Windows-brukarar:

…og du? Godt nyttår, då…