Viser arkivet for oktober, 2011

Gmail sin vedleggsvakt fungerer endeleg

Gmail – Ville du legge ved filer?

Endeleg fungerer Gmail sin funksjon som advarar oss når vi gløymer å leggja ved vedlegg. Funksjonen har lenge fungert på engelsk, men no slår den også inn når ein brukar norske ord.

I det ei melding blir sendt, sjekker Gmail om meldinga har vedlegg.
Om meldinga du sender ikkje har noko vedlegg, leiter Google i teksten du skreiv. Brukte du ord som vedlegg, vedlegget, etc. får du no opp ein advarsel.

Smart, hæ? :-)