Bruk sommaren på reservekopiering![]() Alle filer du ikkje vil mista, må reservekopierast til ein eller fleire stadar. Harddisken i datamaskina di kjem garantert til å ryka. Då gjeld det å ha kopi av alt det viktiga. Eg har sjølv ein ekstern harddisk på 1 TB frå Western Digital og er godt nøgd. Disken treng ingen straum (utover det den får frå USB-porten i datamaskina), og kjem med programvare for automatisk backup til- og kryptering av, harddisken. Enkelte på Internett mislikar programvaren og det fins måtar å fjerna den på på, men hos meg fungerer det fint. Veldig greit å vete at alle data på harddisken er kryptert, i tilfelle eg mister den.
Koplar du disken til ein ny maskin, blir du bedt om å installera programvaren og tasta inn passordet. Tjuven kan alltids sletta alt på disken, for så å bruka den, men dine data kom såfall ikkje på avvege. Google passar godt på Gmail-kontoen min :-DI går testa eg ut ein ny chat-teneste (direktemelding eller "IM") som DinSide.no hadde ein artikkel om. Tenesta heiter imo.im og lar deg flytta chaten frå Google Talk, MSN/Live Messenger, Facebook, Yahoo!, Skype, etc. over på web (the cloud). Ganske praktisk når ein er på farten eller ofte byttar datamaskin. Eg logga inn i Google Chat (som er knytta til gmail-adressa mi) og testa ut Les meir… Annonse | |||||||||||