Viser arkivet for april, 2010

Enkel timeskriving i Google Regneark

Google Regneark (eller Google Spreadsheet) er eit nettbasert rekneark som minnar om Microsoft Excel. Hovudfordelen er at reknearket blir liggjande på nett, så du berre har ein kopi, ein stad. Du unngår kopiar, versjonar og krøll (så lenge du har tilgang til Internett).

Her er ein super-enkel måte å føra timelister på eit Google-rekneark: Les meir…

Betre antivirus for Windows

Panda Cloud Antivirus

Panda har tenkt nytt, og laga eit antivirusprogram som drar veksel på at alle alltid er på nett. Programmet er gratis og fungerer også i Windows 7. Sjølv har eg norsk 64 bit-utgåve av Windows 7 og Panda Cloud Antivirus fungerer fint som berre det.

Før du lastar ned og installerer programmet (som er litt over 20 MB stort), bør du av-installera eksisterande antivirusprogram. Det er aldri lurt å ha meir enn eitt antivirusprogram aktivt under Windows!

Du finn ein engelsk test av programmet, her.