Viser arkivet for mars, 2010

Skroll vindu som ikkje ligg fremst

WizMouse for Windows

Apple sitt Mac OS X lar oss rulla i det vindauga som musepila peiker på. Windows lar oss berre rulla i det aktive vindauga som ligg fremst. Om du skal rulla (eller skrolla) i ei liste eller ei web-side, så du klikka på vinduaga så det kjem øvst. Upraktisk, spør du meg, fordi eg er vane med Mac.

WizMouse er eit gratis Windows-program som gjer at du får rulla i det vindauga musepila peiker på, sjølv om det ligg lenger bak. Eg skreiv om programmet for snart eit år sidan, men no er det komt i ny versjon med full Windows 7-støtte.

Last ned WizMouse hos Download.com

Del ei mappe med andre i nettverket

Som kommenter i eit innlegg skriv Grete R.:

OK!! Jeg er urdårlig på deling av mapper etc på mac. Jeg har en mappe på min HD som heter Kunder. Den vil jeg dele med min kollega. Vil helst at den “popper” opp automatisk hos han når jeg logger på :-)

Apple har ein norsk artikkel om fildeling som du kan kikka på: Les meir…

Velg deg ein nettlesar (Windows)

Internet Explorer 8

No kjem oppdateringa som lar deg velga nettlesar (weblesar) til Windows.
Først får vi beskjeden: “Bekreft at du er koblet til Internett før du fortsetter.”
Då startar eg opp Google Chrome då, for å sjå om eg er på nett.
Så kjem lista (hos meg kom den rett nok på engelsk), der dei fem første er godt kjend. Eg brukar dei alle saman så og sei kvar dag. Fem gode nettlesarar med ulike kvalitetar, her sortert etter kor god nytte eg har av dei:

  1. Google Chrome
  2. Opera
  3. Internet Explorer
  4. Mozilla Firefox
  5. Safari
Les meir…

Zoom inn i Mac-skjermen og skjul markøren

Skjul musemarkøren etter inn-zooming

For å zooma inn Mac-skjermen, held du inne Ctrl-tasten på tasteturet og ruller oppover. Om du har bærbar MacBook med styreflate som lar bruka to fingre for å rulla, så held du berre nede Ctrl-tasten mens du flyttar to fingre oppover styreflata.

Etter at du har zooma inn skjermen, kan du enkelt skjula musemarkøren (om du syns den er i vegen):

  • Trykk på ein av pil-tastane på tastaturet

Apple sine operativsystem i Mac OS X-serien skjular alltid musemarkøren når du skriv inn tekst. Eit enkelt trykk på ein av pil-tastene er nok til å skjula den digre inn-zooma musemarkøren.

Nettsider som "hopper" til toppen

I det siste (kan det vere etter eg fekk windows7?) Har eg merka at når eg klikkar på ei sak litt langt nede på sida til t.d. NRK, for så å gå tilbake (eg trykker på tilbakeknappen) så er eg alltid komt til toppen av sida igjen, og må scrolla meg heilt ned igjen.
Det er jo ikkje eit veldig stort problem, men fyktelig irriterande!
Nokon som har eit tips til meg?