Viser arkivet for februar, 2010

Test Silverlight-yteevna

Bit Rate Graph

Alle OL-sendingar på Internett skjer via Microsoft si løysing Silverlight. Her er ei teneste som lar deg testa Silverlight med HD-kvalitet og du kan justera ned bandbreidda (oppe til høgre der), for å sjå korleis resultatet blir ved lavare fart frå Internett.

Kjekt å bruka for å testa Silverlighte-yteevna til ulike maskiner, nettlesarar og med ulik Internett-fart.

Facebook Lite - raskare og enklare

Facebook Lite

Om du syns dagens Facebook er for tung og omfattane, bør du prøva Facebook Lite1. Dette er ein nedskalert utgåve med mindre innhald ein reinare utsjånad.

Facebook Lite er perfekt når Internettet ditt er treigt, eller skjermen er liten.

Les meir…

Korleis bruka YouTube-video på Origo

Embed YouTube-video

Lesarspørsmål: Korleis kan eg bruka video frå YouTube på Origo?

Den mest elegante måten å bruka video frå YouTube på Origo, er å ta i bruk noko som vert kalla Embed. Her er framgangsmåten:

  • Surf til YouTube-filmen du vil setja inn (altså _embeda_)
  • Klikk i feltet Embed
  • Gjer ønska val
  • Ta kopi av koden som no står i feltet Embed

Les meir…

Web-basert fotofikling med

Arild og Gard på frimerke

photofunia.com kan du enkelt laga avanserte fotofiklingar, rett på web. Du treng ikkje ein gong å registrera deg. Du vel berre ein mal, lastar opp eit eller fleire av dine eigne bilete og vips har Photofunia laga ein avansert retusjering av malen med ditt eller dine bilete inni.

Les meir…

Skift passordet til MSN og Hotmailen din

Endre MSN-passordet via Hotmail

Har du opplevd at nokon i MSN Messenger-lista di sender deg ein rar tekst med ei lenke til ei nettside? Det er nok eit forsøk på å lura deg og i verste fall er det eit virusangrep. Dei som sender desse meldingane har ofte brutt seg inn i andre sin MSN-konto og kan då senda kva dei vil til alle kontaktane som er der.

Om det er din MSN-konto desse meldingane kjem frå, du endra passordet ditt. Det er einaste måte å koma unna problemet på. Her ser du ein måte å skifta passordet på:

Endre MSN-passordet via Hotmail

  • Logg deg inn på www.hotmail.com
  • Klikk Konto, heilt nede til høgre
  • Klikk endre, bak der det står om passord

Filtrer vekk Buzz-svar frå Innboksen

Google Buzz i Gmail

Når nokon du følger via Google Buzz postar ting, kjem det i Buzz-"mappa", rett under Innboks. Praktisk og greitt.
Når nokon svarar på dine ting, kjem det i Innboks. Upraktisk og rotete!
Løysinga er å laga seg eit filter som tar vekk alle Buzz-svar frå Innboksen din:

Kort oppsummert, gjer du dette:

  • Innstillinger → Filtre og Opprett et nytt filter (nederst)
  • Inneholder ordene: label:buzz
  • Klikk OK på advarselen
  • Hopp over innboksen (Arkiver)
  • Bruk etiketten: Ny etikett → “MineBuzzSvar”
  • Hak av for “Bruk på…” og klikk Opprett filter

Ta Facebook-chaten ut av Facebook

Facebook-chat utan Facebook

Når du er innlogga på www.facebook.com kan du prata direkte via chat eller direktemelding som det vist nok heiter på norsk. No er det blitt enkelt å dra chaten ut av Facebook, så slepp å ha web-sida oppe heile tida.

Facebook har laga ei side med hjelp og informasjon:

  1. Logg deg inn på www.facebook.com
  2. Klikk til facebook.com/sitetour/chat.php
  3. Følg instruksjonane

Du kan bruka ulike dataprogram til dette, men eg syns Pidgin er best, fordi den er såpass enkel. Her er ei lista:

Du kan også bruka andre program, så lenge programmet støttar XMPP eller Jabber.

Påminning: Slett cookies i Flash Player

Adobe – Flash Player : Settings Manager – Website Privacy Settings panel

Over 90 % av datamaskiner har Adobe sin Flash Player installert. Nettsider du besøker gøymer ofte ein Cookie i Flash Player, så dei kan kjenna deg igjen når du returnerer. No er det på tide å sletta denne lista igjen:

Kjelde: Fjern overvakinga via Flash Cookies

Feil på enkelte Acer-maskiner

Acer

Om din Acer-maskin har modellnummer AS3410, AS3810 eller Aspire 5738, bør du sjekka acer.no

Det er snakk om to ulike feil. Den første feilen gjeld desse modellane:
Les meir…