Namnlaus tilleggsfunksjon gjer Facebook treigITavisen skriv om at Facebook går treig for tida, og forklarar korleis du skal retta feilen. Eg sjekka, og ser at det ligg ein namnlaus tilleggsfunksjon der. Slett den med x-knappen til høgre for aplikasjonen, og vips blir Facebook rask igjen:
Kjelde: itavisen.no Gjer Internett Explorer tryggSjølv om vi no har slutta å bruka nettlesaren Microsoft Internet Explorer, er den like fult installert på Windows-PCane våre. Den utgjør ein risiko, for tryggleiken er og blir for liten. Den siste tida har fleire Windows-PCar blitt angripen og teke kontroll over. Angrepa som lukkast, kjem ofte frå datamaskiner i same lokalnett som PCen din står i. Her er framgangsmåten for å bolta ned nettlesaren, og gjer den trygg: Les meir…Begrens applikasjonar på FacebookPå Facebook deler vi større eller mindre mengder personleg informsajon. Til dømes namn, førdselsdato, telefonnummer, bilete, mm. Via Innstillingar og Personvern kan du endra kva personopplysingar som vert synleg for andre. Nokon ting får alle sjå, mens andre ting er det berre vener som får sjå. Når venene dine går amokk i aplikasjonar på Facebook, får aplikasjonane tilgang til dei same opplysingane som venen din har tilgang til. Så om du deler fødselsdatoen din med ein ven, vil venen sine aplikasjonar få tilgang til fødselsdatoen din. Les meir…Utvidingar for Google ChromeGoogle Chrome er nok den raskaste nettlesaren. Den startar opp og jobbar raskare enn nokon andre. Sjølv om programmet vert utvikla av Google, er det basert på open kjeldekode, akkurat som Mozilla Firefox. I dag installerte eg for første gong utvidingar i Chrome og blei positivt overraska. Klikk på Verktøy-knappen, heilt oppe til høgre (den med skiftenøkkel-symbol på), og klikk Utvidelser (eller Extensions). Dette er sida som visar utvidingane dine. Du kan klikka “Last end flere utvidelser”, eller du kan følga den her lenka: Eg ser også at Chrome har god støtte for fullskjerm (F11), så no er det snart berre førehandsvising av utskrift som gjenstår. Google Chrome er ein komplett nettlesar som i høgste grad kan erstatta både Internet Explorer og Firefox. Har du ein favoritt blandt Chrome sine utvidingar? Gjer Adobe Reader langt tryggareGjentekne feil har blitt oppdaga i Adobe Reader. Adobe kjem med ei oppdatering og ting skal vist nok vera OK. Men kort tid etter, finn nokon ein ny feil. Det einaste som må til, er at nokon får deg til å opna ei spesiell PDF-fil, og vips vil dei kunne få tilgang til heile datamaskina di. Ille! Så på ein måte er det viktig å alltid oppdatera til nyaste versjon, men med Adobe Reader fins eit tips til: Deaktiver JavaScript for Acrobat!
Det er så godt som ingen PDF-filer som treng JavaScript. Finn utdaterte program med TechTrackerEg lasta ned og installerte CNET TechTracker now på Windows-PCen min. Etter eit par minutt hadde den funne 20 utdaterte program. Resultatet er ei web-side som listar opp alle utdaterte aplikasjonar. Ved kvar aplikasjon finn du ei lenke for nedlasting av nyaste versjon. Enkelt, praktisk og ganske kjekt :) Hovudproblemet med utdaterte program, er at dei utgjer ein trussel mot tryggleiken. Feil i program kan gjer at datasystemet feiler, som igjen kan bli utnytta av ein hacker eller angripar til å ta kontroll over datamaskina di. Fira gode råd for god tryggleik:
Dei to siste punkta har Apple-brukarar i stor grad kunne sjå bort frå. La oss håpa det forblir sånn lenge :) Følg oss på TwitterFølg teknisk-bloggen på Twitter: Twitter-kontoen Teknisk var alt teken, så då blei det Teknsk (utan i). Mozilla Firefox 3.6Både nynorsk- og bokmålutgåva av Firefox 3.6 er no klar for nedlasting. Ein engelsk film om nye ting fins her: YouTube med ny knapp for oppløysingYouTube har introdusert ein ny knapp for å velga video-oppløysing. 1080p kan krevja litt bandbreidde, men vi som har bør jo få velga sjølv (y) Justere tidslinja på macenEg har fått eit tips om at du har oppskrift på korleis ein får opp dato i toppmeny/verktøylinja på macen. Har du publisert det på denne sona, eller skreiv du det ein annan stad? Eg treng litt hjelp :) Annonse | |||||||||||