Viser arkivet for september, 2009

Sikker sletting med Eraser

Eraser for Windows

Det fins mange måtar å sletta filer på ein sikker måte, men Eraser er basert på open kjeldekode og er heilt gratis. Dette lille Windows-programmet fins også i ein såkalla portabel versjon, som gjer at du kan bruka programmet utan å måtte installera det først.

Praktisk å ha med seg på ein minnepenn.

Viktig advarsel: Hugs at filene du sletter med Eraser ikkje kan gjenopprettast. Aldri!
(det er jo poenget med heile programmet)

Inspirasjon til Google Docs

Oppe til venstre i Gmail-innboksen din står det ”Dokument” eller ”Documents”. Dette er eit kraftig verktøy som gjer det mogeleg å jobba med dokument og rekneark rett på web så du kan nå filene dine frå andre datamaskine gjennom Internett. Du får dela filene med andre (om du vil) og du slepp å ha fleire kopiar av kvart dokument.

Google ser om sida er "trygg"

Safe Browsing diagnostic page

Det viktigaste vernet du kan gje datamaskina mot virus og hacker-angrep, er ein aktivert brannmur. Det nest-viktigaste er å installera alle oppdateringar frå programvaren du har (Windows Update, etc.). På tredje plass i rekka kjem antivirus. Om eit av programma i PCen din manglar den siste oppdateringa si, er alt som skal til for å bli “ramma” av eit angrep, at du surfar ut på ei heimeside som sprer virus og liknande.

Les meir…

Skaff deg "invite only"-tilgang til Office Live

Microsoft Excel i Live-versjon

Microsoft kjem med ein web-versjon av Office-pakken. Førebels er beta-testinga opna for inviterte brukarar. Verken du eller eg har fått invitasjon? Live-utgåva av Microsoft sin Office-pakke er så bra at eg trur jaggu meg du vil ha tilgang til den med ein gong. Her er ein måte der du kan “snika” til deg betateste-status:

  • Logg deg inn på http://skydrive.live.com/
  • Last opp eit Word-dokument til ei av mappene dine
  • Klikk Join our preview program

Ganske enkelt!

Kjelde: Lifehacker.com

PureText for Windows

PureText for Windows

Når du limer inn tekst som får heilt feil format (farge, storleik, etc.), kan du bruka PureText for Windows. Det lille gratisprogrammet ligg i meldingsfeltet ved klokka og venter til du trykker Windows-tasten og v på tastaturet. Då tar PureText å gjør det sånn at teksten blir limt inn, heilt utan formatering. Veldig elegant.

Det hadde også gått å lima teksten inn i Notisblokk, for så å ta kopi igjen. Tungvindt når du først har blitt vane med PureText.

Meld frå om kringkastingsfeil

Illustrasjonsfoto

Den offentlege kringkastinga her til lands dekker radio og TV. Norkring har ansvar for desse bakkebaserte sendinga som så mange av oss er daglege konsumentar av. Når det oppstår feil, tenker alle at nokon andre melder frå, og då endar vi opp med at ingen melder feil.

Det er difor du som må melda frå om feil!

Norkring sin feilmelding har telefon: 124
Neste gong radiokanalen du høyrer på dett ut, eller kvaliteten er for dårleg, ring 124 og meld frå!

Kjelde: norkring.no
Illustrasjonsfoto: K. Krallis, SV1XV, via Wikimedia Commons

Fjern overvakinga via Flash Cookies

Flash Cookies — Desse hjelper nettsider å overvaka deg og det er langt meir utbreidd enn du trur.

Du viste kanskje at nettlesaren din lagrar cookies (små tekstfiler) som nettsider mellom anna brukar til å kjenna deg igjen. Nettbanken brukar cookies for å hindra at andre plutseleg gjer seg ut for å vera deg ved å ta over sesjonen mens du er innlogga. Facebook brukar cookies så du slepp å logga deg inn kvar gong.

Les meir…