| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Få norske teikn i Pidgin sin IRC-klientDet er kanskje ingen som brukar direktemeldingsprogrammet (IM- eller chat-klienten) Pidgin, av den enkle grunn at den er alt for teknisk og upolert. Men er du litt dreven, kan Pidgin vera ei ressursvenleg løysing for å få samla fleire chate-system i ei lista. Sjølv brukar eg Pidgin for å få samla kontaktar frå alle dei ulike IM-nettverka eg har kontakt med:
Eg brukar ikkje lenger ICQ og AIM, for av dei eg enno har kontakt med frå desse pratenettverka, er alle flytta over på GTalk, MSN eller Facebook. Men tilbake til tema – IRC-klienten i Pidgin visar gjerne ikkje norske teikn som ØÆÅ og du må inn å gjer ei kjapp endring:
Microsoft SharedView 1.0 deler skjermen din med andreMicrosoft SharedView lar deg dela skjermen din med andre via Internett. Programmet er gratis og fungerer fint gjennom brannmur eller ruter. Inntill 15 deltakarar kan sjå det du deler på same tid. Krav for å kunne dela vekk skjermen sin:
Når programmet er installert og starta opp, ser du ei ny verktøylinje i toppen av skjermen. Frå den loggar du deg inn med hotmail-adressa di (eller Live ID-kontoen din) og startar ein såkalla session. Di får då ei nettadresse med passord som du kan senda til den eller du skal dela skjerm med. Dei som skal sjå skjermen din blir bedt om å installera det 3,2 MB store programmet på sin Windows-maskin, men dei slepp å ha Live ID-konto. Du må godkjenna kvar klient før dei får bli ein del av gjeldane session. Vidare deler du eit enkelt programvindauga eller heile skjermen når og om du vil. Du kan også stoppa delinga når du vil, samt at du kan kasta ut deltakarane. Lukkar du sesjonen kan ingen kopla seg til maskina di lenger. Dei ulike deltakarane kan be om å ta styringa og du kan godta eller avslå. Vidare kan du sei kven som til ein kvar tid skal ha styringa frå ein ned-trekksmeny. Både du og dei kan ytra seg skriftleg i ein chat-boks som alle deltakarane ser, samt at både du og dei kan dela enkeltfiler som alle deltakarane kan lasta ned.
Veldig trygt og sikkert, og veldig enkelt og brukarvenleg. Perfekt til nettmøter, fjernstøtte eller demonstrasjonar. Last ned programmet her: Det einaste eg har funne å utsetja på programmet, er at det du deler vekk (f.eks. eit nettlesarvindauga) må vera oppe på din skjerm for at andre skal kunne skje. Om du får opp ein dialogboks som går over vindauga du deler vekk, vil dei andre sjå eit svart eller grått felt der dialogboksen står. Om du minimerer det delte vindauga, blir det blankt hos dei andre. Men det er såfall sånn det fungerer, og då veit vi det og brukar det sånn.. Om hashtags på TwitterPå hashtags.org får du oversikt over populære hastags som folk brukar på Twitter. Det kan vera intressant å sjå kva som er populært akkurat no, eller søka og bla. Når du vil vita meir om ein tag (som i etikett/merkelapp), kan du bruka tagal.us Så om du kikker innom og ser at #musicmonday er populært akkurat i dag, så ser du at Monday is a day to people tweet about songs they like, much like #followfriday. Uansett: Firkant-teiknet # heiter hash på engelsk. Når ein vil poengtera at eit ord i twittermeldinga er eit nøkkel- eller emneord, set du ein # framfor ordet. Så om du skriv om Odda på Twitter, kan du bruka #Odda for å få fram at dette er ein hashtag. På den måten kjem du unna alle utlendingar som skriv “odda” og meiner “other” Få meir presis meining inn i twittermeldingane dine, bruk hashtags .. WizMouse for Windows ruller (scroller) betreInstaller WizMouse for Windows, så blir rullehjulet på musa ganske meir nyttig. Du får tilgang til å scrolla eller rulla i vindauge og lister sjølv om dei ligg i bakgrunnen. Det einaste du må gjer, er å peika på ein del av vindauga med musepila di. Du slepp mao. å klikka vindauga fram i framgrunnen for å rulla. Cmd-k for Google-søk i Safari (Mac)Etter å ha blitt vant med Firefox sin hurtigtast for å nå søkefeltet oppe til høgre (Google-søk) via Cmd-k (altså; kringle-knappen og k), har eg ofte sakna å kunne trykka den same hurtigtasten i Apple sin eigen nettlesar Safari. Her er ein veldig enkel framgangsmåte for å få Safari til å Google-søka når du trykker Cmd-k
Den nye snarvegen skal då fungera i Safari. Vekenummer i Google-kalendarenGoogle sin kalendar er eit nyttig verktøy. Vi som har vert med ei stund manglar vekenummer i kalendaren vår. Her har eg funne ein kalendar som du kan importera i din eigen Google Kalender som visar vekenummer på ein elegant måte: Du importerer denne kalendaren og så dukkar vekenummera opp i måndsvisinga. Få liv i ein gammal skannar med VueScanOm du har ein gammal skannar, kan det vera vanskeleg å få den til å fungera på nye datamaskiner. Problemet er ofte at produsenten av skannaren ikkje oppdaterer programmvaren (drivarane) når det kjem nye operativsystem (som Windows 7 og Mac OS X). VueScan er eit program som kan få den gamle skannaren din til å fungera igjen, på nye datamaskiner. Programmet er ikkje gratis, men det fins ein gratis testversjon som kan brukast til å testa om programmet faktisk løyser problemet. Så er det opp til deg om du vil kjøpa full-versjonen eller ikkje. Eg har tidlegare installert Windows XP i Sun VirtualBox for å få liv i ein gammal skannar. Tungvindt.. VueScan kan absolutt vera eit godt alternativ til å måtte kjøpa ny Prøv VueScan her: @NRKRadio på Twitter visar musikkenOm du følger eller ser på @NRKRadio på Twitter får du sjå kva musikk som vert spelt på NRK sine mest populære radiokanalar. Ganske praktisk i grunn. Det her er perfekt for oss som hørte ein svingod låt og vil leita tilbake til kva for ein det var. Men du? Kva brukar du Twitter til? Ny Firefox med betre sletting av historikkNår du surfar på Internett med ein nettlesar, blir den såkalla surfehistorikken lagra i nettlesaren. Du kan sjølv gjere nytte av denne historikken. Du har f.eks. merka at lenker du alt har besøkt kan framstå med ein annan farge på enkelte heimesider. Dette er det nettlesaren din som gjer, ved hjelp av historikken. Om du surfar inn på sider som andre brukarar av datamaskina helst ikkje skal vete, kan du slette nettlesaren sin historikk. Problemet har til no vert at du då slettar all historikk, men no fins ei elegant løysing i nye Firefox 3.5. Du kan sletta nyleg historikk og du kan spesifisera om Firefox skal sletta historikk frå den siste timen, siste to timar, siste fira timar eller all historikk frå i dag. Funksjonen “Slett nyleg historikk” finn du mellom anna under menyen Verktøy i Firefox 3.5 Annonse | |||||||||||