Betre fargar på RAW-bileta i LightroomAdobe Lightroom er eit databaseprogram for bildesamlingar. Med dagens store fotosamlingar seg eg ingen annan utveg enn å bruka den her type program. Apple sitt Aperture eller Google sitt Picasa (gratis) gjer mykje av det same, men Lightroom ser ut til å stikka av med teten blandt proffar. Eg har ledig harddiskplass, og eksterne harddiskar med enorm kapasitet er ofte prisa under 1000,- så lagringsplass er ikkje lenger mangelvare. Når kameraet har støtte for RAW, så fotograferer eg berre i RAW. Då får eg teke vare på originalbilete (negativet) og alle justeringar og endringar tek utgangspunkt i dette. Lightroom tolkar fargene i RAW-bileta på sin eigen måte. Kameraprodusenten har sine eigne fargeprofilar som ofte gjev betre fargar. Adobe har laga nokre fargeprofilar som er meir lik kameraprodusentane sine, enn dei som ligg i Ligthroom. Som ein bevist fotograf, vil eg ha best mogelege fargar på bileta mine, og installerer difor Camera Profiles frå Adobe Labs. Programmet er gratis og gjev eit nytt val (vist på sida der) i Lightroom. Kjelde: PeachpitTV – Camera Profiles 2 Telefonkatalogen la ut alle fødselsdatoaneEtter to veker på ferie, kjem eg heim og oppdagar at katalogoppføringa mi på tlf.no var vekke. Eg var framleis synleg på 1881.no men ikkje i Eniro sine katalogar (Gulesider, Telefonkatalogen og 1880.no). Løysinga blei å registrera telefonnummeret mitt på ny, og då oppdaga eg noko skummelt. Eniro har publisert fødselsdatoen min i sine katalogar, mens eg var vekke. Det likar eg dårleg. Då eg registrerte meg som brukar på tlf.no første gong, gjor systemet eit sjekk mot folkeregisteret, der dei henta ut fødselsdatoen min. Skummelt syns eg, men eg fann ingen måte å juksa meg rundt det. Telefonkatalogen skal jo senda ut rekning om ein tingar tilleggstenester, så eg tenkte det sikkert var greit. No har dei altså i ettertid publisert delar av informasjonen dei har henta i folkeregisteret. Her er portalsjefen ute med ei årsaking: Over 72 % av VG Nett sine lesarar har såfall noko i mot dette: Kva syns du om dette? Annonse | |||||||||||