Viser arkivet for desember, 2009

PeaZip - eit alternativ til 7-Zip

PeaZip

Før brukte vi PKZIP og seinare WinZIP. Windows XP fekk innebygd støtte for Zip, og vi som trengte litt meir gjekk då vidare til WinRAR. Utfordringa der, er at WinRAR er eit kommersielt (ikkje ope) program som kostar pengar. Lenge har vi brukt 7-Zip som er basert på open kjeldekode og som kan hansama det meste av filformat for komprimerte filer.

PeaZip kan kanskje kallast eit meir moderne Windows-program som kan fleire ting og har eit lekrare brukargrensesnitt. Og det er lika gratis og ope som 7-Zip.

Hjelp: Kjøp av enkel ruter med DHCP-server

ruter

Er det nokon her som kan hjelpa meg med å kjøpa rett ruter?
Den skal ikkje vera trådlaus, og den skal vera så enkel (og rimeleg) som mogeleg.

Einaste krav er at DHCP-serveren faktisk må kunne dela ut DNS-adresser som eg sjølv spesifiserer.
Ein Netgear RP614v4 eg kjøpte inn deler uansett ut seg sjølv som DNS-server.

Hjelp?