Lag recovery-CD av Windows-PCen dinI følgje Dinside.no skal Backup & Recovery 10 Free Edition kunne laga recovery-CD (eller -DVD) av heile Windows-PCen din. Eg har ikkje testa programmet enno, men tenkte at eg måtte gjer det, neste gong eg installerte ein Windows-maskin på nytt. Har du erfaring frå å laga Recovery-CD av Windows-PCar? Gratis nettbasert backup med MozyDet fins mange smarte nettbaserte backupsystem som lar deg ta reservekopi av filene dine. Mozy er den av løysingane eg har brukt lengst. Med Mozy på PCen (eller MACen) får eg automatisk kopi av viktige filer til Internett. Løysinga er gratis inntil 2 GB. Når eg tek i bruk ei datamaskin, installerer eg alltid Mozy. For å koma under 2 GB-grensa, vel eg vekk musikk, bilete og videoar. Resten består av Office-filer, favorittar i nettlesarane mine, epost (f.eks. Outlook). osb. Normalt når eg alldri 2 GB grensa. For å få meir plass, kan du betala $4.95 (ca. NOK 28,-) per månad. Då kan du reservekopiera alle filene i datamaskina di. Hovurdfordelen med å la Mozy ta kopi av filene til Internett, er at du alltid har sikra siste versjon av det du arbeider med. Du slepp å måtte gjennoppretta filer som er veker eller månadar gamle, for Mozy har mest sansyneleg klart å kopiera tom. siste endring. Veldig praktisk! Mozy lagrar versjonar, så når du har overskrivd originalen, kan du gjennoppretta fila frå ein av dei tidlegare versjonane. Mozy er også full-kryptert og tryggleiken er funna akesaptebel av ei rekke kjelder som i alle fall eg velger å stola på. Last ned og installer Mozy, her: Har du spørsmål, kommentarar eller andre tilbakemeldingar, så skriv inn ein kommentar! :-) Programpakke frå GoogleGoogle har mange program og tenester som både er gratis og nyttige. Her er ei side der fleire gode gratisprogram kan lastast ned i ein pakke: Praktisk å veta om, såfall… Domenet pack.google.com skjular fleire godbitar, mellom anna: Denne type ting kan ein finna via Google om ein søker avansert, eller surfar rundt på nettet… Gje mappene dine vinger med SugarSyncVi som brukar meir enn ei datamaskin kjem ofte ut for at vi skulle hatt tak i noko som ligg på den andre maskina. SugarSync lar eg feste vinger på mappene dine, så dei vert tilgjengeleg på alle maskinene dine, samt at du kan nå filene via web. Løysinga er kryptert og sikker, og du kan dela innhald med dei du ønskjer. Årsaka til at eg likte SugarSync si løysing, er at grensesnittet er så reint og ryddig. Deira løysing fungerer mellom ulike platformar og om du har gratis-løysinga med plass til 2 GB, får du 1/4 GB i bonus for kvar venn du vervar. Skaff deg gratis 2 GB SugarSync via denne lenka, så får du også 1/4 GB frå starten av: Programmet er veldig enkelt og intuitivt, men lurer du på noko om SugarSync så er det berre å spør. Vi er glade i kommentarar :-) Flip4Mac på Apple-maskinaEg fekk eit spørsmål om websider for Mediaplayer på Mac-maskiner, og sendte eit svar eg tenkte kunne vera nyttig for andre:
Dette installerer eg på mine Mac-maskiner, men fleire og fleire nettsider støttar Silverlight som er mykje betre enn Flip4Mac. På NRK.no sin nett-TV kan du klikka Innstillinger oppe til høgre, og endra til Silverlight. Annonse | |||||||||||