Outlook og mobilt Internett

Microsoft Outlook 2007

Med bærbar datamaskin er det praktisk å kunna bruka mobiltelefonen til å kopla seg til Internett. Sjølv har eg eit abonnement som kostar pengar per MB overført informasjon. Jo meir data ein overfører, jo dyrare blir det.

Med 3G og Turbo 3G kan ein fort lasta ned ganske mange MB utan heilt å merka det. Då gjeld det å begrensa seg ;-)

Sjølv får eg ofte store epostmeldingar med digre vedlegg. Desse kan eg som oftast venta med å lasta ned, til eg har tilgang til eit breiband utan MB-pris. Her er eit kjekt Microsoft Outlook-tips:

  • Start Microsoft Outlook (i eksempelet nytta eg versjon 2007, men dette fungerer også i eldre utgåver)
  • Klikk til Verktøy → Alternativer
  • Klikk til fana Oppsett av e-post
  • Klikk på knappen Send og motta…
  • Klikk på knappen Rediger
  • Set hake for Last ned bare meldingshoder for elementer større enn

Klikk her for å sjå stor utgåve av illustrasjonsonen oppe til høgre.

Du ser at du også kan justera storleiken til meldingar som då skal liggja att på serveren.
Store meldingar vert synleg i innboksen din og du kan sjå både avsendar og emne.
For å lasta ned heile meldinga, klikkar du på ho med høgre musetast og vel Merk av for å lasta ned melding(er)
Fullfør med eit klikk på Send- og motta-knappen (eller F9-tasten på tastaturet)

Merk av for å laste ned

Annonse