doPDF - gratis utskrift til PDFPDF er eit dokumentformat som kan brukast av nesten alle typar datadingsar frå datamaskiner til mobiltelefonar. Den enklaste måten å laga PDF-filer på er å skriva dokumentet ut via ein såkalla PDF Creator. Det fins fleire gratisløysingar for dette og eg har tidlegare brukt PDFCreator og CutePDF. Det beste med PDFCreator er at programmet er basert på open kildekode. Fordelen med CutePDF er at programmet har full Vista-støtte. doPDF har også full Vista-støtte, men har eit viktig fortrinn framfor CutePDF: Du kan justera kvaliteten til bileta i dokumentet. Dette har stor innverknad på om PDF-fila blir diger eller overkommeleg stor. PS! Virustotal fann ingen virus eller spyware i doPDF, så programmet skal vera heilt trygt å lasta ned! Annonse | ||
Kommentarar
Genialt og på tide at det kjem løysing for justering av bileta. Er veldig interessert i å justera nokre bildefiler opp, og andre ned. Veit du om det går? Det skal i alle fall prøvast ut.
Vi snakkar her om konvertering til PDF, ja?
Om du vil ha enno meir kontroll over komprimeringa enn det doPDF gjev, bør du prøva PDFCreator. Eg kom over ei suksesshistorie på Confessions of a freeware junkie som kan vera intressant å lesa.
Detaljstyring av komprimeringsgraden til PDFCreator er vanskelegare å få tak på enn doPDF sin enkle komprimering. Første gong eg skreiv om PDFCreator var i 2004, men i 2006 skreiv eg eit meir inngåande blogginnlegg der du ser korleis komprimeringa skjer.
Hugs at PDFCreator ikkje tar mål av seg for å støtta Vista, men har du Windows XP så er jo ikkje dette noko du treng å bekymra deg for.