Google passar godt på Gmail-kontoen min :-D

I går testa eg ut ein ny chat-teneste (direktemelding eller “IM”) som DinSide.no hadde ein artikkel om. Tenesta heiter imo.im og lar deg flytta chaten frå Google Talk, MSN/Live Messenger, Facebook, Yahoo!, Skype, etc. over på web (the cloud). Ganske praktisk når ein er på farten eller ofte byttar datamaskin.

Eg logga inn i Google Chat (som er knytta til gmail-adressa mi) og testa ut vanleg-, tale- og video-chat. Løysinga brukte mykje av datamaskina sine resursar, men systemet fungerte likevel bra.

Då eg logga inn i Gmail-innboksen min i dag, fekk eg opp ei melding om at nokon hadde fått tilgang til Gmailen min frå eit land eg normalt ikkje er i: USA!! Skummelt, tenkte eg :-) Eg har jo ikkje vert i USA og ingen skal kunna logga seg inn i min Gmail frå USA!?!! Eller?

Så såg eg i loggen (som eg finn i botn-teksten til Gmail-innboksen) kva IP-adresse som hadde vert brukt for å nå Gmail-kontoen min. Den kom frå imo.im, og då er jo saka biff.

Det var gjerna uansvarleg av meg å gje imo.im passordet til Gmailen min, men om chaten skal funka via imo.im (som er ei amerikansk teneste), så måtte eg jo det..

No har eg uansett endra Gmail-passordet mitt, så verken imo.im eller andre (som kanskje måtte kjenne passordet mitt) lenger kan få tilgang til Gmail-kontoen min. Vidare har eg (og hadde eg-) unikt passord på Gmail, som altså ikkje er i bruk til nokon andre innloggingar enn Gmail.

Sjølv om det var litt skummelt å få meldinga om at nokon frå USA hadde logga seg inn i Gmailen min, var det tillitvekkjande å sjå at Google passar på! Eg er nøgd :-)

Annonse