Del ei mappe med andre i nettverketSom kommenter i eit innlegg skriv Grete R.:
Apple har ein norsk artikkel om fildeling som du kan kikka på: Det kan vera utfordrane å få dette til å fungera godt, og om ein gjer feil vil du kunne enda opp med å dela for mykje av harddisken din med for mange, ute på Internett. Så eg har eit tips som kanskje fungerer betre: Del kunde-mappa di med kollegaen din via Dropbox. Då treng du ikkje ein gong logga på, for at alle filene i mappa skal vera tilgjengeleg for kollegaen din. Og om ho eller han gjer endringar i mappa, vil du få desse synkronisert over automatisk, neste gong datamaskina di får tilgang til Internett. Dropbox er gratis inntil 2 GB, og du kan betala om du treng meir plass.
Annonse | ||
Kommentarar
Tusen takk for kjempebra svar! Har lest artikkelen om fildeling og er enig i at det blir litt for avansert for meg å få til uten å dele med hele verden :-) Så jeg satser nok på Dropbox-varianten. Skal jeg da ta en kopi av hele kundemappen min og legge i Dropbox og så logger vi begge på med samme passord? Sorry om jeg plager livet av deg:-)
Neida, du plagar ikkje :)
Du treng ikkje ta kopi til Dropboxen, men det er viktig at du sjølv har reservekopi (til ekstern harddisk, minnepinne, etc). Så om noko skulle gå gale, så kan du gjennoppretta dine viktige filer frå reservekopien.
Når du har registrert deg hos Dropbox og installert programmet, flytter du kundemappa over i dropboxen (som er ein spesiell mappe på harddisken din). Når det er gjort, startar Dropbox å synkronisera innhaldet kryptert ut til serveren. No kan du nå filene dine både frå Internett og frå dine datamaskiner (eller iPhonen din).
Vidare skal du høgreklikka (hold inne Ctrl-tasten og klikk) på mappa og sei Share This Folder i Dropbox-menyen:
Du kjem då til nettsida der du skriv inn epostadressa til kollegaen din.
Ho eller han får då invitasjon til å ta i bruk Dropbox, og får ein synkronisert kopi av kundemappa di i sin dropbox-mappe på sin datamaskin. Alle endringar blir automatisk og sikkert synkronisert fram og tilbake, så alle alltid har alle filer oppdatert.
Du kan synkronisera ulike mapper med ulike folk, og du kan (som eg gjer) ha fleire mapper som du ikkje deler med nokon.
Takk verdens snilleste Håkon! Dette får jeg til ja! :-D