Velg deg ein nettlesar (Windows)

Internet Explorer 8

No kjem oppdateringa som lar deg velga nettlesar (weblesar) til Windows.
Først får vi beskjeden: “Bekreft at du er koblet til Internett før du fortsetter.”
Då startar eg opp Google Chrome då, for å sjå om eg er på nett.
Så kjem lista (hos meg kom den rett nok på engelsk), der dei fem første er godt kjend. Eg brukar dei alle saman så og sei kvar dag. Fem gode nettlesarar med ulike kvalitetar, her sortert etter kor god nytte eg har av dei:

  1. Google Chrome
  2. Opera
  3. Internet Explorer
  4. Mozilla Firefox
  5. Safari

Dei fira neste spennande. Eg har testa Sleipnir ein gong, elles har eg ingen kjennskap til desse firas.

Blandt dei tre siste, har eg ganske god kjennskap til Flock. Den sosiale nettlesaren.

Her var altså mykje nytt, og eg lurar på kva for nettlesarar du har kjennskap til.

Kommentarar

Ja, her var det mykje nytt. Og eg som berre har eit forhold til Firefox. Og til IE som ein skikkeleg dårleg, avlegs nettlesar. Er det nokon spennande, nye du anbefaler? Kanskje eg burde teste ut Flock?

Flock kan vera kjekk, ja. Du får automatiserte funksjonar rundt dine sosiale ting. Post bilete til Flickr og sett eit av dei direkte inn i blogginnlegget du held på å skriva på (f.eks. i Blogger) der du får velgja blandt Flickr-bileta dine i ei bilderekke. Praktisk!

Min Firefox er litt for treig, fordi eg har lagt inn for mange kjekke programtillegg. Når eg treng ei av dese utvidingane, brukar eg Firefox. Firefox er også langt betre enn Chrome på utskrift.

Google Chrome er raskast og “lettast” til dagleg surfing.

Opera har “forward”-knapp, så ein kan bla til neste og neste (praktisk når ein ser på bilete).
Opera har også overlegne Zoom, stilsett (skru av bilete, bruk høg kontrast, etc.), samt mouse gestures (hold høgre musetast mens du venstreklikker ein gong, for tilbake).
Opera er rett og slett den beste “kose-surfe-nettlesaren”.

Internet Explorer må du bruka skal du få lese-web eller kontaktregisteret på odda.no til å funka. (du kan også bruka IE-Tab i Firefox eller Chrome).

Safari har ein veldig kjekk “Top Sites”-vising (som eg set til Liten, og får 24 små side-ikon).
Eg plar også bruka Safari for å “gå inn som ein annan brukar” på ei side eg alt er innlogga på.
F.eks. på Origo. Korleis ser denne sida ut for ein brukar som ikkje er innlogga?

God podcast i Guardian om hvordan Opera har kjempet via EU for å få til denne endringen hos Microsoft.

No tester eg ut flock. Førsteintrykket er at du må vere veldig gira på flicr, twitter, facebook fra før av. Dersom du deler bilder på brightkite, kan ikkje nettlesaren gjera det sosialt på samme måte. Så den er litt lite dynamisk. Den definerer slik kva tjenester eg skal bruke til å vera sosial med. Og det blir litt feil. Så konklusjon: Ingen rush enda på Flock. Må eg ha egne flockvenner for å sjå nytteverdien?

Kanskje du skal masa litt på Flock-utviklarane i denne?

Annonse