Nettsider som "hopper" til toppenI det siste (kan det vere etter eg fekk windows7?) Har eg merka at når eg klikkar på ei sak litt langt nede på sida til t.d. NRK, for så å gå tilbake (eg trykker på tilbakeknappen) så er eg alltid komt til toppen av sida igjen, og må scrolla meg heilt ned igjen.
Annonse | ||
Kommentarar
La meg gjetta: Du brukar Google Chrome?
Chrome har lenge hatt ein bug som gjer at du blir tvunge til å starta i toppen av sida du går tilbake til.
Eg omgår problemet ved å halda inne ctrl+shift når eg klikkar på ei lenke i ny fane og gå til fana.
Vidare brukar eg Ctrl+w på tastaturet for å lukka fana.
Du kan foresten vera glad for at du ikkje har Google Chrome for Mac. Der dukka det nyleg opp ein ny bug som gjer at Command+w alltid lukkar alle faner, ikkje berre gjeldande fane. Ganske iriterande, kan du sei.
Elles var vel du ein Opera-fantast?
Eg har ikkje opplevd opplevd dette i Opera.
Sjølv har eg Opera 10.50 Beta og som går rett tilbake der du kom frå (ikkje i toppen, sånn som Chrome gjer).
Opplever akkurat det samme med Chrome sjølv. Håpar det snart vert ordna:) Etter at eg byrja bruke Chrome har eg faktisk ikkje klart å gå tilbake til Firefox! :p
Har du prøvd Opera 10.5?
Den er også ganske rask..
Men elles syns eg det går fint å opna lenker langt nede på sider med Ctrl+Shift+klikk (evt. Cmd+Shift+klikk på Mac), for så å ta Ctrl+w (eller Cmd+w) for å lukka fana og koma tilbake der eg starta.
Eg har ikkje prøvd den, men har sett at den skal vere svært rask ja :) Joda, det fungerer å gjere det på den måten som du beskriver også, så det er ikkje noke stress, men dette er det einaste eg har å utsette Chrome då.