Utvidingar for Google Chrome

Utvidingar i Google Chrome

Google Chrome er nok den raskaste nettlesaren. Den startar opp og jobbar raskare enn nokon andre. Sjølv om programmet vert utvikla av Google, er det basert på open kjeldekode, akkurat som Mozilla Firefox.

I dag installerte eg for første gong utvidingar i Chrome og blei positivt overraska. Klikk på Verktøy-knappen, heilt oppe til høgre (den med skiftenøkkel-symbol på), og klikk Utvidelser (eller Extensions). Dette er sida som visar utvidingane dine.

Du kan klikka “Last end flere utvidelser”, eller du kan følga den her lenka:

Eg ser også at Chrome har god støtte for fullskjerm (F11), så no er det snart berre førehandsvising av utskrift som gjenstår. Google Chrome er ein komplett nettlesar som i høgste grad kan erstatta både Internet Explorer og Firefox.

Har du ein favoritt blandt Chrome sine utvidingar?
Er det noko i Chrome du saknar eller gjerne vil at Google må få på plass?

Vist 143 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Denne posten fikk meg (endelig?) til å se hva slags utvalg av utvidelser som finnes – jeg fant til og med en liten utvidelse jeg muligens får bruk for :) (Send from Gmail – https://chrome.google.com/extensions/detail/ahldefgplekckalfcolhhnljbbgaiboc).

Det jeg savner mest med Chrome er bedre RSS-støtte når man skal abonnere på nye feeds og muligens det Internet Explorer kaller “Accelerators”.

Eg har heilt glømt at det går å klikka på epost-lenker for å senda epost, eg. Så kvar gong eg skal senda nokon ei epostmelding tar eg

  • ctrl+t – opne ny fane i nettlesaren
  • gm og enter, så kjem eg inn på Gmail (nøkkelordet gm ligg inne på bokmerket til Firefox, sjå Lifehacker)
  • c – Hurtigtast for Compose, fordi hurtigtastar er på

Greit nok å løysa alt frå tastaturet..
Elles har eg så godt som slutta å bruka RSS til å abonnera på ting. Brukte Googel Reader før, men no er RSS noko eg brukar til å laga feeds som skal andre stadar (til dømes til Twitter).
Eg tok ein kjapp test der eg sufra til BA sin RSS-feed http://www.ba.no/rss/index.xml og ser at Chrome er dårligst på hansaming av RSS-data. Firefox er litt betre, men ikkje mykje. Safari, Opera og Internet Explorer er alle gode på å handtera RSS-linken og visa innhaldet i RSSen. Her har Chrome noko å læra!

Ein ting å setja fingen på, er at Chrome eigentleg ikkje har støtte for å setja nøkkelord på bokmerker. Dei får du inn ved å bruka Firefox, og så kan Chrome importera Firefox-bokmerka. Då føl nøkkelorda med over i Chrome.

Foretrekker å kopiere e-postadressene på sider for å være sikker på at jeg får den rette adressen. Dermed bruker jeg allerede musen, og det vil være enklere å bare klikke den.

Fant forøvrig flere extensions etter å ha kommentert.
Fikk lagt til en RSS-knapp i “omnibaren”, gjort det enklere å legge til bokmerker i Del.icio.us, mulighet til å “ta bilde” av en nettside (enda ikke prøvd, faktisk), Sidewiki-extension , EXIF-leser og en Whois+-oppslags extension.

Annonse