Finn utdaterte program med TechTracker

CNet TechTracker for Windows

Eg lasta ned og installerte CNET TechTracker now på Windows-PCen min. Etter eit par minutt hadde den funne 20 utdaterte program.

Resultatet er ei web-side som listar opp alle utdaterte aplikasjonar. Ved kvar aplikasjon finn du ei lenke for nedlasting av nyaste versjon. Enkelt, praktisk og ganske kjekt :)

Hovudproblemet med utdaterte program, er at dei utgjer ein trussel mot tryggleiken. Feil i program kan gjer at datasystemet feiler, som igjen kan bli utnytta av ein hacker eller angripar til å ta kontroll over datamaskina di.

Fira gode råd for god tryggleik:

  1. Aktiver brannmuren
  2. Oppdater operativsystemet, samt alle installerte program og drivarar
  3. Oppdater antivirusprogrammet ditt og søk etter nye virus med gjavne mellomrom
  4. Installer eit eller fleire program som kan søka fram spionprogramvare, hald dette/desse oppdatert og søk etter spionprogramvare med gjavne mellomrom.

Dei to siste punkta har Apple-brukarar i stor grad kunne sjå bort frå. La oss håpa det forblir sånn lenge :)

Vist 112 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse