Gratis nettbasert backup med MozyDet fins mange smarte nettbaserte backupsystem som lar deg ta reservekopi av filene dine. Mozy er den av løysingane eg har brukt lengst. Med Mozy på PCen (eller MACen) får eg automatisk kopi av viktige filer til Internett. Løysinga er gratis inntil 2 GB. Når eg tek i bruk ei datamaskin, installerer eg alltid Mozy. For å koma under 2 GB-grensa, vel eg vekk musikk, bilete og videoar. Resten består av Office-filer, favorittar i nettlesarane mine, epost (f.eks. Outlook). osb. Normalt når eg alldri 2 GB grensa. For å få meir plass, kan du betala $4.95 (ca. NOK 28,-) per månad. Då kan du reservekopiera alle filene i datamaskina di. Hovurdfordelen med å la Mozy ta kopi av filene til Internett, er at du alltid har sikra siste versjon av det du arbeider med. Du slepp å måtte gjennoppretta filer som er veker eller månadar gamle, for Mozy har mest sansyneleg klart å kopiera tom. siste endring. Veldig praktisk! Mozy lagrar versjonar, så når du har overskrivd originalen, kan du gjennoppretta fila frå ein av dei tidlegare versjonane. Mozy er også full-kryptert og tryggleiken er funna akesaptebel av ei rekke kjelder som i alle fall eg velger å stola på. Last ned og installer Mozy, her: Har du spørsmål, kommentarar eller andre tilbakemeldingar, så skriv inn ein kommentar! :-) Annonse | ||
Kommentarar
Knalltips!!! Eg prøve:-)