Google ser om sida er "trygg"

Safe Browsing diagnostic page

Det viktigaste vernet du kan gje datamaskina mot virus og hacker-angrep, er ein aktivert brannmur. Det nest-viktigaste er å installera alle oppdateringar frå programvaren du har (Windows Update, etc.). På tredje plass i rekka kjem antivirus. Om eit av programma i PCen din manglar den siste oppdateringa si, er alt som skal til for å bli “ramma” av eit angrep, at du surfar ut på ei heimeside som sprer virus og liknande.

Google har ei teneste som ser om sider er “trygg” for PCen. Denne kan du lesa meir om (på Engelsk) i Google-bloggen Google Online Security Blog. Tenesta fungerer ved at du skriv (eller limar) inn følgjande i adresse-feltet i nettlesaren din:

Bytt ut domenet i slutten av adressa (det etter =) for å sjekka andre sider.
Her er ein kjapp sjekk av sider du kanskje besøker ofte:

Her fann eg populære sider med problem:

Det fins mangen andre tenester som gjer noko tilsvarande. Google seier eigentleg ikkje om sida er “trygg”. Google seier berre om det vart funne problem. Sofistikerte virus kan kanskje oppdaga om det er Google som er innom for å sjekka. Og om dei ser at det er Google som surfar rundt på nettsida, så gøymer kanskje viruset seg.

Såleis er det kanskje lurt å sjekka enkelt-sider som du er ekstra skeptisk til, hos fleir enn berre Google:

Fann du ei side med problem?
Post adressa til problemsida i ein kommentar :-)

Annonse