Fjern overvakinga via Flash Cookies

Flash Cookies — Desse hjelper nettsider å overvaka deg og det er langt meir utbreidd enn du trur.

Du viste kanskje at nettlesaren din lagrar cookies (små tekstfiler) som nettsider mellom anna brukar til å kjenna deg igjen. Nettbanken brukar cookies for å hindra at andre plutseleg gjer seg ut for å vera deg ved å ta over sesjonen mens du er innlogga. Facebook brukar cookies så du slepp å logga deg inn kvar gong.

Nettaviser brukar cookies for å logga kva du intresserer deg for, og dei kan då utforma sider automaisk med vekt på om du er sports- eller teknologi-intressert. Den enkelte nettavis kan berre følga med på kva du gjer på deira side, og som døme får ikkje VG tilgang til ein cookie som Dagbladet har lagra i nettlesaren din.

Dei som reklamerer på nettavisene brukar også cookies og lagrar informasjon om kva sider du surfar på. Denne informasjonen sel dei vidare til firma som vil marknadsføra seg mot deg. Desse cookiane som vert nytta i lag med reklamen på sider, vert lese av same merknadsføringsselskap, når du surfar innom andre nettsider. Det kan skje fordi reklamemarknaden er dominert av store enkeltaktørar som DoubleClick (oppkjøpt av Google). Desse aktørane har avtalar med fleire nettaviser, og visar deg reklame når du surfar rundt på ulike populære nettsider.

Problemet med desse cookie-ane som DoubleClick og tilsvarande lagrar i nettlesaren din, er at DoubleClick då kan logga surfeaktiviteten din breiare enn folk flest vil tru. Om DoubleClick har reklame-avtale med ei side for tvilsamt innhald, vil dei logga kor mykje og kor ofte du surfar på desse sidene også. All surfehistorikken vert lagra mot den same cookien som dei har lagra i nettlesaren din. Såleis blir du totalovervaka, når du surfar på nettet!

Slett cookies frå nettlesaren
Om du aktiverer “private browsing” i nettlesaren, vil ikkje cookiane bli lagra, og du omgår problemet.
Har du alt surfa innom populære nettsider, vil nettlesaren din ha lagra cookiane som gjer det mogeleg å halda deg overvaka. Du kan sletta cookiane via nettlesaren sine innstillingsval (Verktøy → Alternativer)

Slett Flash Cookies!
Folk flest er ikkje kjent med at Flash Player (som gjer det mogeleg å visa YouTube-video, mm.) også lagrar cookies. DoubleClick nyttar då Flash i reklamen sin, og lagrar cookien i Flash Player på maskina di. Sjølv om du slettar cookiane frå nettlesaren, ligg cookien i Flash der og røper kven du er. Såleis har dei kloa i deg, sjølv når du aktivt gjekk ut å renska cookies-mappa i nettlesaren din.

Framgangsmåten for å sletta Falsh Cookies er:

Om lenka ikkje fungerer, gjer du dette:

  • Surf til adobe.no eller ei nettside med flash-animasjon
  • Høgreklikk på animasjonen (eller filmen) og ta About Adobe Flash Player
  • Klikk Settings Manager under Support (i boksen til høgre)
  • Klikk Global Privacy Settings Panel (i menyen til venstre)
  • Klikk arkfana med illustrasjon av eit auga (Website Privacy Settings)
  • Klikk Delete All Sites

Det kipe-kipe, er at du må gjere dette ofte, om du vil halda dei som overvakar deg på avstand.
Lika greit å gje opp? Lev totalt transparent, og la alle som vil få veta alt kva du gjer og tenker?

Annonse