Få norske teikn i Pidgin sin IRC-klient

Pidgin, the universal chat client

Det er kanskje ingen som brukar direktemeldingsprogrammet (IM- eller chat-klienten) Pidgin, av den enkle grunn at den er alt for teknisk og upolert. Men er du litt dreven, kan Pidgin vera ei ressursvenleg løysing for å få samla fleire chate-system i ei lista.

Sjølv brukar eg Pidgin for å få samla kontaktar frå alle dei ulike IM-nettverka eg har kontakt med:

  • Google Talk (Jabber) – min favoritt, for den loggar samtalar rett i Gmail-innboksen.
  • MSN Messenger – Spesiellt mange norske brukarar er berre på Messenger.
  • Facebook – Så slepp eg å vera innlogga på Facebook-sida for å prata med folk der.
  • Sametime – IBM sin chat-klient får Lotus Notes, mm. Dette er jobb-relatert for min del.
  • Yahoo! Messenger – Veldig mykje brukt blandt utlendingar.
  • IRC – Den eldste pratetenesta på Internett er laga spesiellt for gruppesamtalar.

Eg brukar ikkje lenger ICQ og AIM, for av dei eg enno har kontakt med frå desse pratenettverka, er alle flytta over på GTalk, MSN eller Facebook.

Men tilbake til tema – IRC-klienten i Pidgin visar gjerne ikkje norske teikn som ØÆÅ og du må inn å gjer ei kjapp endring:

  • Klikk Kontoer, så på IRC-kontoen og Rediger konto
  • Klikk til Avansert-fliken
  • Skriv ISO-8859-1 i feltet for Tegnkodinger
Vist 215 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Tips til dei som vil bruke Pidgin på (ny) norsk i Windows Vista.

Opprett miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn

Gå på: Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar

  • Vel Ny og i Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».

eller

  • Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila.

Mvh
Bjørn I.
Norsk programvare

Annonse