Betre fargar på RAW-bileta i LightroomAdobe Lightroom er eit databaseprogram for bildesamlingar. Med dagens store fotosamlingar seg eg ingen annan utveg enn å bruka den her type program. Apple sitt Aperture eller Google sitt Picasa (gratis) gjer mykje av det same, men Lightroom ser ut til å stikka av med teten blandt proffar. Eg har ledig harddiskplass, og eksterne harddiskar med enorm kapasitet er ofte prisa under 1000,- så lagringsplass er ikkje lenger mangelvare. Når kameraet har støtte for RAW, så fotograferer eg berre i RAW. Då får eg teke vare på originalbilete (negativet) og alle justeringar og endringar tek utgangspunkt i dette. Lightroom tolkar fargene i RAW-bileta på sin eigen måte. Kameraprodusenten har sine eigne fargeprofilar som ofte gjev betre fargar. Adobe har laga nokre fargeprofilar som er meir lik kameraprodusentane sine, enn dei som ligg i Ligthroom. Som ein bevist fotograf, vil eg ha best mogelege fargar på bileta mine, og installerer difor Camera Profiles frå Adobe Labs. Programmet er gratis og gjev eit nytt val (vist på sida der) i Lightroom. Kjelde: PeachpitTV – Camera Profiles 2 Annonse | ||
Kommentarar
Kunne du vist et eksempel på et bilde hvor det er synlig forskjell på standardprofil og kameraprofil?
Det skal eg prøva å laga, men dette handlar berre om forskyving av fargane, og det gjeld berre for RAW-bilete. Det blir delvist vist i filmklyppet bak kjelda, der.. Men eg skal sjå om eg får laga eit døme.