Telefonkatalogen la ut alle fødselsdatoaneEtter to veker på ferie, kjem eg heim og oppdagar at katalogoppføringa mi på tlf.no var vekke. Eg var framleis synleg på 1881.no men ikkje i Eniro sine katalogar (Gulesider, Telefonkatalogen og 1880.no). Løysinga blei å registrera telefonnummeret mitt på ny, og då oppdaga eg noko skummelt. Eniro har publisert fødselsdatoen min i sine katalogar, mens eg var vekke. Det likar eg dårleg. Då eg registrerte meg som brukar på tlf.no første gong, gjor systemet eit sjekk mot folkeregisteret, der dei henta ut fødselsdatoen min. Skummelt syns eg, men eg fann ingen måte å juksa meg rundt det. Telefonkatalogen skal jo senda ut rekning om ein tingar tilleggstenester, så eg tenkte det sikkert var greit. No har dei altså i ettertid publisert delar av informasjonen dei har henta i folkeregisteret. Her er portalsjefen ute med ei årsaking: Over 72 % av VG Nett sine lesarar har såfall noko i mot dette: Kva syns du om dette? missbruk, tryggleik, sikkerhet, youtube, eniro, telefonkatalogen, 1880, gulesider, fødselsdato, personvern
Vist 32 gonger. Følgt av 1 person. Annonse | ||